Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillejentene starta sesongen med seier



Seiersbilde fra Årdal 2008 (arkivfoto)
Foto:geir

Bjørn 2 - Balestrand 0 - 9

Lillejentelaget vann årets første seriekamp med heile 9-0 mot eit svakt Bjørn 2, som stort sett bestod av 98-jenter. Elsa (6), Vilde (2) og Synnøve (1) gjorde måla etter heilhjerta innsats av alle 12 spelarane som reiste innover.

Dei fleste måla kom etter at ein hadde tråkla seg gjennom det meste av forsvarsspelarar hos Bjørn. Ingen susande langskot altså.

Dei andre på Balestrand var Karoline, Lise May, Kamilla, Tea, Silje, Arnborg, Maria, Wobke og Dagny. Spesielt Dagny og Lise May gjorde ein kjempejobb i forsvaret. Allereie etter 10 minutt stod det 5-0 til Balestrand, og etter regelverket fekk då Bjørn setje inn på ein spelar ekstra.

Det vart då noko trangare på bana og måla rant ikkje like fort inn. Skal ein kicke på noko hos Balestrand må det vera litt for lite pasningsspel og for mykje sololøp, der ein ofte køyrde seg fast i motspelarane. Dette kom seg imidlertid på slutten, då pasningane sat betre.

Det må imidlertid også seiast at kampen gjekk på ei elendig grusbane, noko som ikkje akkurat la grunnlag for finspel.    



Skrive av: Lars Kjetil Grinde (26.04.09 - 23:09)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939292 besøk, sidan 18. juli 2005