Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane trakk lengste strået




Foto:Robert Leerink

Siste treningskamp endte med ein knepen seier for Balestrandgutane

Vik var motstandar på Kreklingen no i fredag ettermiddag. Vik skal spele i 1.divisjon, medan Balestrand i 2. divisjon i vårsesongen. Vi venta difor ein kamp der vi til tider skulle bli pressa tilbake og av den grunn måtte jobbe mykje med defensive oppgåver.

Slik vart det også i starten av kampen. Vik vann duellar, medan vi var passive. Vik fekk i gong ein del konstruktivt pasningsspel, medan vi klarerte litt hit og litt dit... Vik klarte i store tider å halde ballen på vår banehalvdel og skapte fleire halvsjansar. Ved to høve klarte dei å bryte heilt i gjennom og sette då  ballen sikkert i mål. Vi klarte å heve laget ein del mot slutten av omgongen og rulla opp eit par fine angrep på høgrekanten, men utan at det gav uttelling. Andreas hadde ei flott rednig mot slutten av omgongen. Så 0-2 til pause var et riktig og greit resultat ut i frå spel og prestasjonar.

I pausa vart vi samde om å vinne duellar og vere meir konsentrerte i mottaksfasen slik at pasningsspelet også kunne bli meir presist. Det fekk vi fint til, og andre omgong vart ein ganska annan ein den første. Plutseleg var det Balestrand som hadde komandoen. Vi gjekk opp til 3-2, og det heile såg veldig bra ut. Så sviktar vi litt i markeringane bak eit par høve - noko Vik utnytter effektivt med å score 2 raske mål - og med det snu kampen til 3-4. Men som for andre storlag, har dette småguttelaget ein fin egenskap i at dei står på og er positive sjølv om dei får ein slik kalddusj. Snart står det 4-4, og i siste minutt set vi inn vinnarmålet på ein corner.

Alt i alt ein positiv kamp og bra oppleving å ta med seg til seriestarten mot Årdalstangen no på måndag. Kampen spelast kl 18.00 på Kreklingen stadion - så då reknar vi med full brakke.



Skrive av: Arne Abrahamsen (24.04.09 - 19:43)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935910 besøk, sidan 18. juli 2005