Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane i dytten



Arkivbilete
Foto:Robert Leerink

Høyang 2 scora første og siste målet. Utanom dette handla det meste om Balestrandgutane..

Dei første 5 minuttane dominerte Høyang, og pressa Balestrand tilbake på bana. Før vi fekk kome skikkeleg i gang gjekk dei opp i ei 1-0 leiing. Etter det handla det meste om Balestrand. Heile 14 mål skulle Balestrand score før Høyang scora sitt andre, og kampens siste mål.

Etter ein litt famlande start fekk vi på plass sjølvtilliten, og pasningsspelet begynte å sitte. Løpa kom og både i front og på kantane, og vi trilla opp fleire fine angrep. Vi dominerte etterkvart midtbana fullstendig, noko som gjorde sitt til at kambiletet vart slik det vart. Gledeleg var at vi for første gang klarte å få backane med i det offensive spelet - og til og med mål av Tor. Bra! Gledeleg er også at mange av spelarane tek i, og leverer gode prestasjonar.

Men kanskje vert trenaren sin viktigaste jobb etter denne kampen å balansere og realitetsorientere oss litt. Eit lag er ikkje betre enn motstandaren tillet - og i dag var Høyangspelarane ikkje spesielt gode utover i kampen.  Dei kjempa betre og tok mykje meir i på Sletta på fredag. Det gav oss lettare spel enn vi kan forvente resten av sesongen! 

Vel. Det er moro å registrere framgang, innsats og ekte speleglede. Den karamellen skal vi i allefall ha lov til å suge på ei lita stund..  



Skrive av: Arne Abrahamsen (30.03.09 - 20:36)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935310 besøk, sidan 18. juli 2005