Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Treningskamp for smågutane



(Arkivbilete)
Foto:Robert Leerink

Småguttane spelte sin første treningskamp mot Høyang 2 på fredag. Det vert returkamp på Kreklingen mådag kl 17.00.

Med 6 av 16 i troppen med erfaring frå 11-ar fotball frå tidlegare, var det ei ny oppleving for mange når vi entra Sletta i Høyanger til treningskamp fredag ettermiddag.  Men det var nok minst ei like ny oppleving for Høyanggutane, som berre stilte med spelarar fødde i 1996 og nokre i 1997.

Det var vind denne ettermiddagen i Høyanger! Og motvind for oss i 1. omgang. Det prega nok spelet ein del, men mangel på erfaring gjorde nok mest til at det i all hovudsak var lite struktur i spelet til begge lag. Kvaliteten på individuelle prestasjonar var også litt under det vi kunne forvente: men begge lag skapte då nokre sjansar og mål. Høyang gjekk opp i leiinga to gonger men kvar gong klarte vi å svare, slik at det stod 2-2 til pause.

Etter kvilen fekk vi delar av spelet betre til. Forsvaret fikk noko betre samhandling og vi fekk kantane til å halde betre breidde og komme på gode løp. Til slutt stod det 5-2 til Balestrand.

Dette var fin trening for begge lag! Positivt er at vi allereie i kampen klarer å justere og betre prestasjonane. Det er også positivt at alle som er i riket møter opp til kampen, og ikkje minst at vi har ein flott tone i laget. Dette lovar bra!

Neste treningskamp vert eit returoppgjer mot Høyang 2 på Kreklingen stadion allereie no måndag 30.03.2009 kl 17.00.



Skrive av: Arne Abrahamsen (28.03.09 - 17:03)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943856 besøk, sidan 18. juli 2005