Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tap mot Vadheim/Høyang 2



arkivfoto
Foto:Jarle Githus

Trass tidvis spelemessig overtak, vart det tap 2-4 torsdag kveld.

Det var kaldt og surt på kunstgraset i Høyanger torsdag kveld, men i periodar varma spelet til Balestrand. Laget syner framgang for kvar kamp, og ein ser ingen grunn til uro sjølv om siger i treningskamp framleis manglar i 2009.

Motstandar var nok ein gong Vadheim/Høyang 2, men denne gongen ei betre utgåve enn sist. 9 spelarar som er regisgrert i A-troppen (3. divisjon) var med. I spissen for desse rutinerte og etablerte spelarar som Thomas Frichsen, Sjur Gjeraker, Kjell Tore Våge og Eirik Milde.

Balestrand starta kampen i motvind, men spelet dei første tjue minutta var laget likevel i medvind med tanke på spelemessig overtak. Høyang vart kjempa ut av stilen, og skapte ingen ting. Det hadde ikkje vore noko å seie på om bortelaget hadde skåra eit par mål i denne perioden. Eirik burde mellom anna ha sett ballen i mål då han vart ståande aleine med Høyang sin keeper. Eit par gode redningar heldt Høyang inne i kampen.

Så, litt mot spelets gang, tok Høyang leiinga på ei flott skåring. Thomas Frichsen synte at sjølv etter ein skadeperiode, så veit han kvar målet står. Han drar av eit par Balestrandspelarar og klinkar ballen i mål. Like etter auka same spelar til 2-0.

Eirik vart skadd etter omlag 20 minutt spel, og då skjedde det noko med Balestrand. Ein fekk ikkje same oppspela og laget fall litt saman.

Laga tok pause med leiing 2-0 til heimelaget.

i 2. omgang la Balestrand om til 4-4-2, då hovudsakleg fordi ein tok ut Lars Kjetil. Det hadde ein føre kampen vorte eining om sidan Lars Kjetil skal kjempe om heider og ære for gutelaget i KM-sluttpelet i helga.

Dei blåkledde reduserte ved Øyvind og utlikna ved Arnstein i løpet av nokre få minutt i byrjinga av omgangen. Noko som var heitl fortent etter spel og sjansar fram til då.

Høyang kom meir med midtvegs i omgangen, og tok over både initiativet på midten og i kampen, utan at det vart skapt for mange store sjansar. Likevel tok Høyang leiinga etter fleire påfylgjande feil frå BIL-spelarane. Like etter auka Høyang til 4-2, noko som òg vart sluttresultatet i kampen.

Siste fem minutta var ikkje Balestrand med i det heile. Omrokkeringar og kanskje at kreftene tok slutt var nok medvirkande årsakar til dette.

Balestrand hadde spelemessig overtak i store periodar, utan ein klarte om omsetje dette til meir en to mål. Med tanke på at ein møtte eit lag med fleire 3. divisjonsspelarar invollvert, så var vel dette ein helit ok kamp. Mykje å jobbe med framleis, med framgang er stadig å sjå, og det lovar bra.

Likevel er det tal skåra mål som avgjer kven som vinn kampen, og då var det Høyang som var best.

Kjekt å sjå Odd Arild tilbake i manesjen etter snart fire år utan å ha spelt kamp. Han spelte saman med Teddy og Johannes på midten, og løyste dette godt. Balestrand hadde mykje betre tak på midtbana i den formasjonen som ein starta med denne kvelden. Alle jobba godt og viste fremgang sidan sist, men det er framleis mykje å gå på når det gjeld presisjon, duellspel, og det å setje målsjansar om til mål.

Balestrand stilte med fylgjande lag frå start:
Keeper: Kristian Kyrvestad
Forsvar frå høgre: Roy Kennet Rendedal - Lars Kjetil Nordeide - Magnus Algrøy - Sondre Skrede
Defensiv midtbane: Odd Arild Lunde - Theodor Kvikne
Offensiv midtbane: Johannes Nilsson
Høgre/venstre midtbane: Øyvind M. Neset - Roar Eriksen
Spiss: Eirik Thue

Arnstein Menes kom inn for ein skadd Eirik etter 20 minutt. Madushanka Perera kom inn for Lars Kjetil etter 45 minutt. Senad Demirovic kom inn for Odd Arild etter 55 minutt, og Anders Dale kom inn for Roy Kennet etter 71 minutt. Roy Kennet kom inn dei siste fem minutta for Johannes.

Balestrand sin beste spelar: Sondre Skrede

Balestrendingane Kjell Rune Sværen (ein omgang), Gustav Nesse og Kristoffer Lønning spelte for heimelaget.

Neste treningskamp for Balestrand, kan verte på Kaupanger mt Bjørn onsdag 11. mars. Første treningskamp på Kreklingen er sett til onsdag 18. mars mot Syril.

No tærar ver og vind på snøen på Kreklingen, og det er berre å krysse fingrane for at det ikkje kjem meir snø. Det er ikkje å legge skjul på at treningstilhøva er eit aldri så lite handicap, men vi står på vidare.

PS! Sjå kampen på www.balestrand.tv Den er lagt ut der no.



Skrive av: Geir H (08.03.09 - 12:40)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935939 besøk, sidan 18. juli 2005