Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Uavgjort mot Vadheim/Høyang 2



Arkivfoto
Foto:Jarle Geithus

1-1 og uavgjort vart resultatet i treningskamp nummer to.

Balestrand fekk ein litre betre start på denne treningskampen en kva tilfellet var på laurdag. Kampuret synte 7 minutt då dei blåkledde tok leiinga. Roar slo inn ein corner som Høyang sin keeper nok feilrekna litt. Arnstein fekk då ein enkel jobb å omsetja innlegget til mål.

Då speltida var dobla, altså 14 spelte minutt, utlikna Høyang på eit tvilsamt straffespark. Vanskeleg å sjå frå benken, men reaksjonane frå spelarar og publikum rundt målet til Ole var ikkje til å ta feil av. Visstnok skal fleire av tilskodarane ha løyst på latteren då domar, Per Oddvar Lien, valde å blåse straffe. Straffa vart sikkert sett i målet, og laga var like langt.

Ingen av laga klarte å riva til seg noko særleg initiativ. Høyang hadde dei fleste og kanskje største sjansane, men korkje dei blå eller kvite skapte store målsjansar. Høyang vann offsidestatistikken 5-0 i første omgang, men det kan tilskrivast like mykje at Balestrand held ei god forsvarslinje, som at Høyang var farlege i angrep.

Omgangen vart avslutta med eit godt skot frå Arnstein, og laga tok pause med kvar sitt skåra mål.

2. omgang vart noko betre for Balestrand sin del. Laget lukkast betre i halde ballen nede på bakken, og pasningsspelet satt betre. Likevel er det eit stykke fram til den standaren ein ynskjer både med tanke på kvalitet og presisjon.

Rune hadde mogelegheit til å skåra i sin andre kamp på rad, då han kvarteret før slutt kom aleine mot Høyang sin keeper. Keeper kom ut og fekk redda skotet med ei beinparrade.

Domar Lien fekk bruk for kortstokken sin, og fem gule kort vart fordelt på laga. Lars Kjetil, Teddy og Adrian fekk kvar sitt, medan Høyang tok seg av dei to siste. I fylgje domaren ville fargen på kortet til Lars Kjetil ha vore ein annan dersom det hadde vore seriekamp.

Totalt sett eit lite framsted for Balestrand i høve til kampen mot Gaular fem dagar tidlegare. Forsvaret syner god stabilitet, og særleg stopparparet Lars Kjetil og Magnus spelar sikkert og godt. Sidebackane gjer òg ein god jobb, men kan verte noko meir betre i avleveringane sine.

Midtbaneleddet fungerar ikkje slik ein ynskjer, og då i hvoudsak fordi avtstand i press og duellar vert for stor, og generell posisjonering tidvis vert feil. Ikkje mange hovudduellar vart vunne før Øyvind bestemte seg for å gjere noko med det. Andreballane var det stort sett Høyang som tok seg av.

Angrepsspelarane vert for stasjonære, og må jobbe med å vere mykje smartare i vala sine. Ein trur likevel at noko av utfordringa her ligg i at midtbaneleddet berre fungerer delvis.

Kristian viste at Jarle har jobba bra med han på keepertreningane fram til no, og han synte fra eit par særs gode redningar i tillegg til fleire andre gode invollveringar.

Ein ser likevel at laget har eit stort potensiale, og vil kunne bli særs gode på overgangar når laget har fått sett seg skikkeleg, og ikkje minst rista av seg småspelet inne i Belehalli.

Det vert ikkje gjeve spelarvurderingar denne gongen heller. Nok ein gon tek ein dette internt.

Det viktigaste er å ha kome i gong med treningskampane. Ein har fått fleire gode svar, og ein byrjar å sjå kor forbetringspotensiala ligg.

Høyang stilte i likheit med Balestrand med mange unge spelarar. Fire av dei er opprinnelege Balestrendingar. Kjell Rune Sværen, Gustav Nesse, Kristoffer Lønning og Christen Skaasheim spelte alle i blått (!), men det var draktfargen til Høyang denne gongen. Balestrand spelte i sine kvite bortedrakter.

Balestrand stilte med fylgjande lag frå start:

Keeper: Ole
Forsvar frå høgre: Teddy, Lars Kjetil, Magnus, Adrian
Midtbane frå høgre: Roy Kenneth, Daniel, Sven Arne, Roar
Spissar: Madushanka, Arnstein

Johannes kom inn på sentral midtbane for Daniel etter 16 minutt. Kristian kom inn i mål for ein skadd Ole eter 23 minutt. Øyvind kom inn på høgre midtbane for Roy Kenneth etter 33 minutt. Rune kom inn som spiss for Arnstein etter 55 minutt, og Sondre tok over høgrebacken til Adrian etter 59 minutt. Daniel kom inn att etter 65 minutt, og denne gongen som venstre midtbane for Roar. Arnstein kom inn og spelte det siste kvarteret som spiss for ein småskadd Madushanka.

Kampens beste Balestrandsspelar var Magnus Algrøy.

Diverre ingen bilete frå kampen då fotografen svikta... Balestrand-TV var tilstades og filma, så kanskje ein kan sjå levande bilete etter kvart.

Neste treningskamp vert òg borte mot Vadheim/Høyang 2. Den kampen vert spela torsdag 5. mars.



Skrive av: Geir Harkjerr (20.02.09 - 14:48)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935909 besøk, sidan 18. juli 2005