Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tap i første treningskampen




Foto:Jarle Geithus

Det ble tap 2-3 mot Gaular i sesongens første treningskamp, men det vart likevel noko positivt å ta med seg.

Utfordringa før start var å komponere ei slagkraftig midtbane. Grunna fleire forfall, og at Johannes måtte melde avbod like før avreise, skapa litt hovudbry.

Kampen var 7 sekundar (!) gamal då Gaular tok leiinga. Gaular hadde avspark, og etter to-tre trekk, vart det avfyrt skot frå omlag 30 meter. Skotet gjekk under Ole som låg klar til å ta imot. Ein uheldig start for laget og den unge debutanten i mål. Ole rista det imidlertid av seg, og spelte seg godt opp utover i kampen. Mellom anna viste han fram gode takter med ei redning heilt nede med stolperota.

Øyvind var kaptein

Det var ingen av laga som hadde noko særleg spel frå start av. Kampen var prega av at det var første økta ute på store flater, i alle fall for Balestrand sin del. Det er stor overgang frå vesle Belehalli og "store" kunstgrasbaner.

Ikkje all verda vart skapt av sjansar nokon veg, men Gaular vart bokført med nokre fleire en Balestrand.

Ein periode midtvegs i omgangen hadde Balestrand fleirer gode kombinasjonar og såkalla trekantspel, der særleg Adrian viste gode takter. Saman med Eirik og Arnstein vart det kombindert flott på høgresida, som enda med fleire gode og presise innlegg framfor målet til Gaular. Det einaste som mangla var ein blåkledd kar som kunne setje ballen i mål. Etter nokre justeringar løyste dette seg, men sjansane vart ikkje omsette i mål. Stort sett vart skotforsøka frå Roar, Eirik, Arnstein med fleier blokkerte av ein Gaularspelar.

Eirik fyrer laus......


......men det kom ein raudkledd spelar inn frå venstre og blokkerte skotet

Fem minutt før pause fekk Gaular ei særs tvilsam straffe. Lars Kjetil var i duell med ein Gaularspiss som datt heilt av seg sjølv når han såg Lars Kjetil nærma seg. Straffesparket vart effektivt ekspedert i mål, og det stod 0-2 då laga tok pause.

Leiaren i Balestrand IL var tilskodar (i kvit lue)

Einvart eininge om nokre justeringar før 2. omagangen tok til, og dette lukkast ein delvis med. Forsvaret kom seg lenger opp i bana, og strekket mellom ledda vart ikkje så stort. I tillegg fekk ein engasjert flankespelarane meir sentralt i bana i samband med duellane der.

Gaular skåra sitt tredje ål 10 minutt ut i omgangen. Eir frispark frå hjørne av sekstenmeteren vart slått inn i feltet der ei Gaularspelar upressa fekk gå opp og headde ballen i mål. Dødballar i mot sleit Balestrand med i forige sesong, så her må det gjevast klare oppgåver utover.

Ballen kom ikkje fram til Roar

Debutant Rune reduserte til 1-3 etter 16 minutt, då han sette ballen enkelt i mål etter flott gjennomspel frå Madushanka. Det var eit godt Balestrandsangrep der ballen gjekk fram og tilbake før Madushanka fann opninga.

Ein brukar sjanse som Gaular sin keeper fekk kasta seg ned og redda

Etter 27 minutt fossa Roar fram på venstresida og la eit preist innlegg som Madushanka sette sikkert i mål. Faktisk eit særs godt overgangsspel i denne situasjonen.

Balestrand var best mot slutten, og hadde stort sett ballen siste 15 minutta. Øyvind hadde ein susar i stanga/nettveggen, og ein i tverrliggaren. I tillegg var Madushanka neste igjenom, men vart takla i siste sekund som det så fint heiter. Eirik stod like før slutt aleine på 7-8 meter, men han sette ballen i kroppen på keeper som kom ut i reinaste Steinar Ege stil.

Madusanka og Øyvind i duelle med tre motstandarar

Kampen ebba ut med tap 2-3, men ein fekk nokre gode svar. Det vart ikkje gjeve spesiellle taktiske oppgåver får avspark. Dette var heilt bevisst då det var første økta på stor bana i 2009. I tillegg er det mange nye spelarar som endå ikkje er samspelte. Det viktigaste for laget var å koma i gang med kampane, og prøve spelarar i ulike posisjonar.

Godt bilete: Ballen vert spela mellom stopparane til Gaular, og Sondre finn plass mellom stoppar og back.....


.......fyrer av eit skot som gjekk diverre gjekk utanfor

Det vert ikkje gjeve noko spelarevaluering her. Det har vi teke og tek framleis med den einskilde.

Balestrand starta med dette laget:
Ole - Sondre, Lars Kjetil, Magnus, Senad - Adrian, Eirik, Øyvind, Roar - Madushanka, Arnstein.

Jon Olav kom inn på venstre back for Senad etter 30 minutt. Rune kom inn for Arnstein etter 45 minutt. Anders kom inn for Jon Olav etter 60 minutt, og Stian kom inn for Sondre etter 70 minutt.

Ole, Adrian, Lars Kjetil, Jon Olav og Rune debuterte for Balestrand på seniornivå.

Dagens Balestrandsspelar(ar) var Lars Kjetil og Magnus som danna eit særs godt stopparpar. Her har vi to ungdomar med stort potensiale.

Sjølv om det aldri er kjekt å tape fotballkampar, er ein ikkje bekymra for framtida. Det tek tid å forma eit lag med mange nye spelarar,  og vi håpar og trur at dette vil bli eit slagkraftig lag når sesongen sparkast i gang.

Neste treninskamp vert allereie no onsdag. Denne gongen er det Vadheim/Høyang 2 som er motstandar på kunstgraset i Høyanger. Avspark er sett til 1900, men vi prøver å utsetje dette til kl 1930.



Skrive av: Geir Harkjerr (16.02.09 - 21:41)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943935 besøk, sidan 18. juli 2005