![]() | |||
![]() |
![]() Ny ordning i idrettsskulenHer kjem ei lita orientering om forsøksordning med idrettsskulen. Elevane på idrettslinja ved Sygna vidaregåande skule har trong for praksis. Balestrand kommune har i dag SFO-tilbod for elevar i 1.-4. klasse. I vedtektene for SFO er det framheva at ein ynskjer ei integrering av kulturskule og idrettsskule i SFO-tilbodet. Balestrand Idrettslag driftar idrettsskulen for borna i 1.-4. klasse. Tilbodet er i dag frå etter haustferien og fram til påske, og det skjer på ettermiddagstid. Det er ynskjeleg frå BIL om at dette kan integrerast i SFO-tilbodet. Som ei prøveordning vil det bli gjeve fylgjande tilbod: Frå veke 10-19 (etter vinterferien og til om lag 1. mai) vil det kvar onsdag bli tilbod om idrettsskule i tida 1220 - 1340. Idrettsskulen vil bli leia av minimum to elevar ved Sygna si idrettslinje, og læraren deira. Dei borna som har SFO-tilbod, vil som elles bli fylgd til bussen etter idrettsskulen. Borna til få utdelt ein aktivitetsplan for denne perioden. Betalinga vert kr 21,- pr. time, det vil seie kr. 42,- pr. veke. Dei som har nytta seg av BIL sin idrettsskule i haust og fram til vinterferien, vil få tilsendt giro med treningsavgift på kr. 200,-. (Full sesong er kr. 350,-). Vi gjer merksam på at idrettsskulen på tysdagane etter dette går ut. Vi er avhengig av at alle borna som vil vere med på idrettsskuletilbodet i SFO-tida melder seg på, òg dei som har tidlegare har vore påmelde til idrettsskulen. Om det er noko du lurer på, så ta kontakt med leiar i BIL, Kjetil Nesse, på telefon 41248253.
|
||
Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4691336 besøk, sidan 18. juli 2005 |