Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gutelaget med siger i dramatisk finale




Foto:Eirik Thue

Straffesparkkonkurranse måtte til for å kåre vinnaren.

Det stod 1 -1 etter både full tid og tre minutt forlenging og ein måtte ha straffespark konkurranse til for å skilje Syril 1 og BIL 1 i kampen om den flotte pokalen som vinnaren fekk. Heldigvis var det BIL 1 som drog det lengste strået etter at alle mann, inkludert keeper hadde skåra på sine forsøk. Den åttande straffen til Syril gjekk i stolpen og då var alt dekka for Lars Kjetil som var sikker som banken, før finanskrisa vel å merke, og plaserte ballen utagbart i mål for andre gong i denne straffekonkurransen.

 

Det høyrer og med til historia at det var Lars Kjetil som direkte frå avspark skaut ballen i mål etter at Syril hadde tatt leiinga. Ein kanonskåring av mannen med dei lange føtene! I tillegg å vere svært så avgjerande i finalen var kanskje Lars Kjetil alt i alt BIL sin beste i turneringa. Men når det er sagt, så gjorde heile laget ein strålande innsats.

Turneringen sett under eitt var det ein fortent siger BIL 1 vann. I gruppespelet vart det tre sigrar av tre moglege. I den fyrste kampen fekk heimelaget få problem med Bjørn og sigra til slutt 5 – 2. Etter eit par unødvendige baklengsmål. Den neste kampen var ein nøkkelkamp mot Syril. Det vart ein tøff kamp der det kvitkledde heimelaget drog i land ein 2 – 1 siger. Med det resultatet stod faktisk Syril i fare for å bli slått ut. BIL 1 sitt resultat i den siste kampen som var mot SIL 3 ville avgjere lagnaden deira.

 

Med nervøse Syrilspelarar i ryggen klarte kaptein Adrian og co til slutt å dra i land ein velfortent 3 – 1 siger. Men det var ikkje heilt utan dramatikk, for SIL 3 tok leiinga med eit stjernetreff ut av ingenting. Heldigvis, for dei gulkledde naboane i alle fall, kom heimelaget sterkt attende og laga tre raske mål. Dermed fekk nabokomunen sine representantar den hjelpa dei trog for å gå vidare. At marginane gjekk Syril sin veg viste sigeren i straffekonkurransen i semifinalen mot SIL 1 og.

 

I semifinalen varta gutane opp med festfotball av godt merke. SIL 2 hadde lite å stille opp med og kan sjå seg nøgde med at det ”berre” vart 5 – 0 tap. Med det var BIL klare for finale og KM-sluttspel i Florø i mars.

Siger er i boks, og jubelen vert sluppe laus!

 

På vinnarlaget spelte Ole Tjugum, Stian Midttun, Georg Nesse, Lars Kjetil Nordeide, Adrian Wolff Nesse, Kim Andre Marifjæren og Rainer Kleive.

 

BIL stilte med to gutelag i KM-kvaliken på søndag i Belehalli. BIL 2 gjorde ein god innsats forholda tatt i betraktning. I utgangspunktet skulle dei og vere seks utespelarar, men når ein av spelarane ikkje dukka opp og når Kristoffer måtte ut med skade vart det tungt.

 

Etter to klare tap mot SIL 1 og 2 vart det 2 – 2 i siste kampen mot Syril 2. Dette var ein kamp gutane frå BIL leda 2 – 0 lenge, men utan innbyttarar vart det lite med krefter på slutten og Syril fekk til slutt eit par mål slik at det enda med 2 – 2 og poengdeling.

 

Gutane skal likevel ha honør for god innstilling og innsats. På BIL 2 spelte Kjell Andre Bakken, Jonakim Hanevik, Kåre Andre Thue, Nikolai Sundgot Sunde, Andreas Balevik og Kristoffer Lidal.



Skrive av: Sveinung Alværn (10.02.09 - 19:07)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935835 besøk, sidan 18. juli 2005