Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane viste gode takter



Keeper, Tommy
Foto:Arne Abrahamsen

Balestrand stilte med to smågutelag i KM-kvalifiseringa. Ut i frå forutsetningane gjorde begge laga det svært bra .

Balestrand 2 var sett saman av Andreas, Mons, Frederik, Tor, Per Arne, Kristian, Knut og Eirik. Roger kom også innom og var med i delar av ein kamp. Hovudmålsetjinga til dette laget var å ha god innsats, og å få til gode prestasjonar under turneringa. I første kampen spelte vi litt for forsiktig, og Syril 2 vann fortent med 2-0 sjølv om keeperen vår var god. I andre kampen fekk vi på betre orden på angrepsspelet samstundes som forsvaret og keeper jobba kjempebra. Det var då også heller ikkje ufortent at Balestrand gjekk opp i ei 1-0 leiing mot Sogndal 3 med eit flott mål av Frederik midt i kampen.  Sogndal kom ikkje til mange sjansar, men klarte å utlikne til 1-1 etter å ha teke litt over utover i omgangen. Uavgjort var alt i alt eit rettferdig resultat, og gutane kunne glede seg over ein flott kamp. Siste kampen mot Vik 1, som vann heile greia, vart sjølvsagt litt rått parti. Men her skal gutane virkeleg ha ros. Kanonbra kjemping og stort målvaktspel gjorde at kampen var jamnare enn venta. Hadde vi spelt slik i første kampen hadde vi nok hatt gode sansar i den og.  

 

Balestrand 1 som var Tommy, Birk, Viljar, Fredrik, Asgrim og Håkon opna mot Sogndal 1. Dette var beste motstandarlaget i pulja - med andre ord dette var ein nøkkelkamp for å nå ein semifinale. I denne kampen varta gutane opp med virkeleg flott fotball. Sogndal 1 var rett og slett overspelte, og berre ein ein god Sogndalkeeper kombinert med litt ubesluttsomt angrepsspel gjorde at sluttresultatet ikkje vart større enn 3-1. Kampane mot Bjørn 2 og Vik 3 vart transportetappar, og laget stod med 9 poeng og full pott etter dei innleiiande rundane.

Så var det eit faktum at vi skulle møte Vik 1 i semifinalen. Dette var slik vi vurderte det klart beste laget vi kunne møte. Og semifinalen vart eit drama! Tett og jamnspelt. Vi gjekk opp til 1-0, men Vik kom att og gjekk opp i 2-1 leiing. Så sette gutane turboen på, og scora 3 på rad. Med 4-2 til oss såg det heile lyst ut. Men Vikjene er fostra opp på gamalost, og kjempa seg tilbake i kampen. Med 4-4 etter full tid, måtte det til med speleforlening på 3 minut. Også her bølgja spelet fram og tilbake med enorm innsats frå begge lag. Vik klarte å score eit mål til - og det gjorde ikkje vi. Medan Vik kunne sleppe jubelen laus, måtte vi gratulere dei med sigeren. Gutane frå Balestrand er gode vener med gutane frå Vik, og det var flott å sjå korleis dei ynskte dei lukke til vidare. Vi tapte mot eit godt lag - og er trass alt svært stolte av innsatsen.

Det er ingen tvil om at vi har hatt god framgang. I KM i fjor møtte vi faktisk dei same laga, med stort sett dei same spelarane. Då spelte vi jamnt med Sogndal, og tapte klart for Vik. Neste gong er vi kanskje enda betre - berre vi trenar nok - og godt nok...

 

PS!  Er det nokon som har bilde av smågutane frå KM. Det vart så hektisk å ha ansvaret for to lag at eg glømde å ta bileta av laga....

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (10.02.09 - 18:11)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935298 besøk, sidan 18. juli 2005