Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Berre nesten for jentelaget i KM - kvalifiseringa



Frå Førde cup 2008
Foto:Alf Høyrem

Jentelaget hadde ein alle tiders sjanse til å gå til sluttspelet, men måtte gje tapt for Vik i semifinalen I KM - kvalifiseringa.

Balestrand 2 opna mot Vik 1 i første kampen søndag. Det kunne sjå ut som om jentene frå Balestrand ikkje hadde vakna ordentleg, for spelet og konsentrasjonen i denne kampen var langt under pari. Laget tapte fortent 4-1. Jentene skjønte at dei hadde gjort ein dårleg kamp og det var ein nedtrykt gjeng som måtte piffast opp før neste kamp.

I neste kamp vart det nytt tap, denne gongen 3-0 mot Sogndal sitt førstelag som vann KM – kvalifiseringa. I denne kampen viste imidlertid jentene ein heilt annan innsats. I den tredje og siste kampen hadde jentene god kontroll mot Syril, sjølv om det vart litt spanande på slutten. Jentene vann 3-2. 

Balestrand 2 spelte godt i sin første kamp og vann overbevisande 3-1 mot Sogndal 2. I neste kamp vann dei 3-1 mot Vik 2. I tredje kampen måtte Sogndal 3 gje tapt for jentene. Så var det klart for semifinale mot Vik sitt førstelag.

Balestrand gjekk tidleg opp i leiinga og det så lenge lyst ut. Vik tok imidlertid meir og meir over og dei kunne til slutt juble for ein fortent 3-1 siger.Det skal ikkje vere nokon unnskyldning, men med berre ein innbytar vart jentene tydeleg slitne ut over i turneringa. Hadde dei halde same trykket som i første kampen mot Sogndal, kunne dei heilt klart ha vunne denne kampen. Det var difor litt skuffande at dei ikkje klarte å gå til finalen og til sluttspelet i Florø. 

Denne turneringa viste at Balestrand står att med få spelarar i småjente og jenteklassa. I jenteklassa på søndag deltok heile fem spelarar frå laget som vann KM kvalifiseringa i småjenteklassa på laurdag.Turneringa viste og at dei spelarane som er att gjennomgåande held eit bra nivå.

Det kan ikkje vere tvil om at nokre av spelarane på småjentelaget som vann KM kvalifiseringa på laurdag er blant dei meste talentfulle spelarane i fylket i 95 årsklassa. Så vil tida vise om dei er villige til å legge ned den treninga som skal til for å få vidare framgang. Det skal uansett bli spanande å sjå kva jentene kan få til når utesesongen ein gong tek til.



Skrive av: Alf Høyrem (10.02.09 - 16:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935825 besøk, sidan 18. juli 2005