Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentelaget suverene vinnarar av KM – kvalifiseringa



Jublende jenter etter finalesigeren
Foto:Alf Høyrem

Småjentelaget var i ein klasse for seg og feide motstandarane av bana i KM kvalifiseringa i dag føremiddag. Dermed er jentene klare for sluttspelet i Florø 7. mars.

Det var eit heiltent lag som tok kommandoen frå avspark i første kampen mot Kaupanger. 6-1 vann jentene etter tidvis flott spel.

Dårlegare gjekk det ikkje i den andre kampen då Sogndal  fekk ein leksjon fotball dei seint vil gløyme. Sogndølene var heldige som slapp unna med minus sju mål i protokollen. 

I den tredje kampen møtte jentene Luster. Jentene hadde full kontroll også i denne kampen og vann enkelt 5-0. 

Den siste kampen i gruppespelet var mot Hafslo. Ettersom begge laga allereie var klare for finalen vart ein samde om å la kampen telje som finale. Hafslo forsvarte seg godt, men det var aldri tvil om kven som var det beste laget. Etter ein komfortabel 3-0 seier kunne jentene sleppe jubelen laus. 

På Balestrand sitt lag spelte Oline, Brita, Ida, Martine, Vilde, Heidrun og Malin. Dette laget speler så god og fin fotball, i alle fall på sitt beste, at det skal bli spanande å sjå kor langt dei kan nå i KM sluttspelet.


Vilde fekk æra av å ta i mot pokalen
Foto:Alf Høyrem



Skrive av: Alf Høyrem (07.02.09 - 18:16)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935933 besøk, sidan 18. juli 2005