Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Grand Finale



Martine, Viljar, Asgrim, Kjell Andre, Birk, Fredrik, Knut og Tommy
Foto:

Var tidlegare kampar tette og spennande - var det småtteri mot avslutningskampane mot Brodd laurdag 31. januar. 


Klokka har så vidt passert 07.30. Det lysnar av dag, medan bilmotoren durar og varmen frå varmeapparatet byrjar å få tak. Kursen er sett mot Sandane kor vi skal spele to handballkampar litt utpå dagen. Bak pludrar Tommy, Fredrik, Martine og Birk. Ei tekstmelding stadfestar at Merete kjem like bak med Asgrim, Viljar, Knut og Kjell Andre som reisefølgje. Vi har framleis 2,5 time framføre oss. Men praten går, det er fine vegar, og når vi kan fylle på med litt nytrekt kaffi - er det allright.

Presis kl 11.00 står vi klar med ballen og skal ta avkast. Spelarane frå Brodd I.L står klare i forsvar i sine kvite drakter. Vi er Balestrand I.L, og vi er blå. Den gode følelsen frå sist kamp sit enda i. Storseier og kjempeflott spel. Så bles dommaren og kampen er i gang. Vi speler oss til ein bra sjanse, men keeperen deira reddar fint. Brodd vartar opp med flott angrepsspel og Tommy høyrer berre susen. Vi misser i neste angrep også - og i angrepet etterpå. Brodd held fram og scorar sikkert 3-0. Vi får etterkvart putta nokre mål, men Brodd svarar heile vegen og vi ligg 3-4 mål bak. Det er klart at dette er eit svært godt lag - og denne kampen vert ein heilt anna enn den siste kampen vi vann 27-10..

Balestrand i forsvar.

Vi får etterkvart sett forsvaret litt betre. Marine har sett seg i full respekt, og taklar Broddgutane ned i parketten. Men Brodd varierer med glitrande langskot, gode finter og flotte innspel til strek. I motsatt ende av bana har vi også problem med å trenge gjennom deira gode og kontante forsvar. Dei er over oss, og vi går oss ofte fast i eit tett midtforsvar. Frustrasjonen kjem sigande, og val av løysingar vert ofte dårlege. Takka vere godt forsvar heng vi nokolunde med, og er berre to mål bak ut i 2. omgang. Men når Birk får ei streng 2 minuttars utvising når ballen treff han i foten, får dei på ny ei 4 målsleiing. Det held seg ut kampen og Brodd vinn alt i alt fortent 18-14.


Då er korta delte. Det laget som vinn neste kamp vinn serien. Vi prøver å bruke pausen til å skifte fokus, få opp humøret og tørre å gå utpå og gjere det vi veit vi kan også i angrep.

Kampen startar glitrande. 0-4 etter 6-7 minutt. Men så byrjar Brodd å komme til hektene, og sakte men sikkert tek dei oss att - og går forbi. Igjen stenger dei forsvaret, og kan gå til pause med 8-6 leiing. Ein omgang att - og vi vert einige om tre ting i pausen; 1) setje frimerke på Vegard som prikka inn mange mål frå distanse, 2) at Knut som er ving trekker inn i bana og på den måten trekke med seg deira kantspelar og så la Birk satse på utsida og så 3) gje alt og ha god humør. Dette vart suksess! Brått vart det stopp i deira scoringar, medan Birk sette inn 4 mål på rappen. Vi fekk ei tomålsleiing som heldt seg til det var 3-4 minutt igjen.

 Angrepet fungerar betre. Martine spelar til Asgrim.

At marginane er små i handball veit alle som har såg på VM-kampane for herrar. To miss av oss, og to scoringar av Brodd, og så er det plutseleg 16-16 og under eitt minutt att. Vi har ballen og kan score. Men forsøket på avslutting kjem raskt. Eit innspel mot strek vert snappa, og Brodd kan gå i angrep med 40 sekund att. Vi kjem oss i forsvar og kjemper som løver. Klarer å få ballen ut til innkast med berre 15 sekund att. Brodd får ein siste sjanse. På andre pasninga inn mot midten frå innkastet - kjem eit blått prosjektil ut i lufta. Det er Kjell Andre.

Han kastar seg ut og opp - og grip ballen med ei hand. Han klarer å sprette ballen i det han landar, og pakkar ballen oppover bana med ein kvit spelar halsande etter - og det er berre 7 sekund att. Tida står stille på benken. Ikkje tramp, tenkjer eg, i det han stig til vers. Ballen susar mot mål, medan keeper fortvila prøver å dekke målet. Så rykker det i nettet. Dommar markerer for mål, medan sluttsignalet og jubelhylet frå Kjell Andre og smeltar saman i eit tostemt ul. Så jublar alle blå på bana - og på benken.

Og vi som er så heldige å få vere med på dette får noko i "banken" som gjer oss rike!

 

 

Det må jo berre bli spelarvurdering denne gongen:.

Tommy
Får to tøffe kampar mot gode skyttarar. Er ikkje heilt våken i første omgang av første kamp. 3 timar i bil er ikkje alltid beste opplading. Spelar seg opp etterkvart. Har nokre gode og avgjerande redningar i den andre kampen. Har tøffaste jobben - men er jo tøff..

  Tommy varmar opp

 

Viljar
Krigar på kanten som om det er VM-finale. Kjem seg nesten alltid innafor sjølv om det ser ut til at deira spelar skal bryte gjennom. Får det vanskeleg framover då Brodd tettar godt igjen. Alt i alt god innsats.

(Lurte seg vekk då fotografen kom)

 

Fredrik
Mykje same som for Viljar. Jobber svært godt i forsvar, men får ein vanskeleg jobb framme. Pluss for gode forsøk. Scorar eit utsøkt kontringsmål kor ha berre slepp ballen forbi keeper i rein Tvedten-stil.

  Fredrik klar til kamp

 

Knut
Har også best grep på det defensive i dag. Er også glitrande i angrepet ut i andre omgang av andre kamp når han trekker inn deira kantspelar og lager fri bane for Birk. Flink til å gje positive tilbakemeldingar. Svært bra Knut.

(Lurte seg vekk då fotografen kom) 

 

Asgrim
Får den utakknemmelege jobben å stoppe Vegard i første kamp. Jobber saman med Kjell Andre og løyser oppgåvene etterkvart meget bra. Ser at Asgrim har teke store steg i angrepsspelet. Skyt mykje betre og er flink å komme i fart mot forsvaret når han mottek ballen. Scorar eitt av kampens finaste mål på eit slikt gjennomløp.

  Asgrim - vi tek det med godt humør

Martine
Er beintøff i forsvar. I første kamp støter ho på skyttar og taklar så det luktar svidd frå sin sentrale midtposisjon. I andre kampen nøytraliserer ho streken deira. I angrep er Martine flink å få fart i ballen og fordele pasningar. Det er derimot svært tett i midten og fleire av skotforsøka går i blokka. Solid kamp.

  Martine, jente med tæl! 

 

Birk
Jobber som vanleg intenst og konsentrert både i forsvar og angrep. Sjølv om Birk scorer jamt har han fleire miss enn vanleg i angrep i første kampen. I andre kampen løsner det litt. Gjer i forsvar ein så god jobb som frimerke på Vegard at han gjev opp og går på strek - og der møtte han Martine... Scorar mange avgjerande mål med finter ut i bana når vi henter inn deira 3-målleiing i starten av andre omgang.

  Birk førebur seg til kamp

 

Kjell Andre
Varierande i første kampen. Gjer manns jobb i forsvar og har mange gode avslutningar og scoringar. Vert litt utålmodig og også litt frustrert når det buttar i mot - og gjer då nokre feil val. I andre kampen er stemning og humør i rett modus. Då kjem også prestasjonane! Etter ein god kamp står Kjell Andre for kampens magiske augneblink i sluttsekunda. Eit hending for historien - og betre busrdagspresang kunne han vel ikkje få. Glimrande!!

  Kjell Andre tester skotarmen



Skrive av: Arne Abrahamsen (05.02.09 - 18:06)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943946 besøk, sidan 18. juli 2005