Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Klart for KM-kvalik i Belehalli




Foto:jarle

Laurdag 7. og søndag 8. februar står Belehalli i fotballens teikn. Då er det KM-kvalifisering for aldersfastlagde lag.

Laurdag startar turneringa opp klokka 1000. Siste finale vert spela klokka 1800.

Søndag startar ein ôg opp med første kamp klokka 1000, og siste finale vert då spela klokka 1845.

Balestrand IL skal saman med fire andre klubbar arrangere KM-kvaliken for småjenter, smågutar, jenter og gutar. Vi hadde arrangementet ôg i 2004, 2005 og 2006. Dei åra gjekk det bra både sportsleg og arrangementsmessig, og det vonar vi det gjer i år ôg.

Totalt 34 lag skal spele 66 kampar i løpet av helga, så her er det berre å møte opp for å sjå mykje fin og spennande fotball. Forutan lag frå vår eigen klubb, kjem det lag frå Sogndal, Luster, Kaupanger, Hafslo, Syril, Bjørn, Sogndal og Vik.

Det vert kiosksal i hallen.

Rauekrossen vert representert, og Statens Vegvesen kjem på besøk.

Vel møtt!

PS! Puljer og kampoppsettet vi ein under KM 2009 på venstresida på heimesida.



Skrive av: Geir Harkjerr (05.02.09 - 15:41)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935299 besøk, sidan 18. juli 2005