Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Handballgutar med tæl



Laget i forsvarsformasjon
Foto:

Handball krev styrke, hurtighet, kondisjon og ikkje minst god psyke. Dei som møtte opp i Belehalli søndag fekk sjå mykje av dette, fin handball - mest som i VM!

 


G 13 laget til Balestrand tok i mot Breimsbygda IL til to kampar denne søndagen. Då korkje Andreas eller dei solide jentene Martine og Brita var med, Fredrik var småsjuk og vi ikkje hadde innbyttarar - var trenaren rett og slett litt usikker på korleis dette skulle gå.

Vi scora første målet, men då Breimsbygda utlikna skulle det gå lenge til vi kom ajour igjen. Forsvarsspelet satt ikkje heilt, og i angrep vart det mykje ein og ein. Til pause leia Breimsbygda relativt fortent med 10-12 etter mykje bra spel og god skyting. Laga fulgte kvarandre utover i 2. omgang, men med Breimsbygda støtt eitt eller to mål føre. Sjølv om angrepsspelet klussa litt, begynte forsvaret å sitte veldig bra. Vi klarte å legge press på skyttar, noko som førte til at skota kom lenger ute frå bana og Tommy i mål fekk ein enklare jobb. Med mindre enn 5 minutt igjen gjekk vi opp i leiinga for andre gong i kampen. Medan forsvaret heldt fram å stå godt, fekk vi kjørt eit par tre gode kontringar i sluttminutta. Då det ikkje var snakk om noko "Norgesurr" i sluttfasen i denne leiren, stod det 19-16 på måltavla då sluttsignalet gjekk, - og vi kunne sleppe jubelen laus etter ein ekte arbeidsseier.

Den andre kampen vart spelt etter damene hadde gjort ein hederleg innsats mot Florø. Sjølv om dei tapte 12-24 trur eg ikkje det idet er så store justeringar som skal til før resultatet vert meir likt kampbildet. Stå på jenter!

  

Birk scorar..og ballen sit i nettet bak keeper

 

Fredrik har sett ballen i mål, medan Asgrim applauderer

 

For gutane gjekk det på skinner i frå første kast i denne andre kampen. Forsvaret stod kjempebra og framover fekk vi til eit leikent og variert angrepsspel. Det er kjempeflott å sjå at alle spelarane scorer fleire mål kvar, og at dei heile vegen førsøkjer å spele kvarandre gode.

Kjell Andre legg ikkje så mykje press på seg for å score sjølv, og får ein fin playmakerrolle med svært mange gode nestsiste pasningar. Asgrim jobber beinhart i forsvar og er kjempeflink til å komme i fart når han mottek ballen og bryt gjennom forsvaret og scorer fleire flotte mål. Fredrik tek mange smarte løp inn på strek og får betalt med 4-5 mål, noko som er klar bestenotering. Viljar knekker koden med kontringsløp og scorer både spelarmål og på straffe. Knut jobbar som ein galeislave med å dekke deira strek og i motsatt ende har han fleire gode avslutningar og mål frå same posisjon. Endeleg ein kamp der to lukkast i strekposisjon! Birk scorar frå alle hald og spring rett og slett frå Breimsbygdaspelarane som vert meir og meir missmodig utover i kampen. Tommy reddar ball etter ball og forsøkjer å setje i gang raske kontringsangrep. Resultatet vert 4 velukka assist!

Det endar 27-10 til Balestrand, og den største seieren til laget er eit faktum. Gutane har god grunn til å vere kjempefornøgde etter nok ei flott førestilling. Som trenar er det kjekt å sjå korleis gutane justerer spelet og løyser oppgåvene etter kvart som kampane utviklar seg - og ikkje minst at alle står opp og tek ansvar for seg og for laget.



Skrive av: Arne Abrahamsen (29.01.09 - 18:03)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943964 besøk, sidan 18. juli 2005