Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


To jentelag med på Tambar cup




Foto:Alf Høyrem

Søndag 25. januar deltok Balestrand med to jentelag under Tambar cup i Naustdal.

Avreise frå Balestrand var allereie kl. 07.30! Tøffe greie med andre ord. I bilen som underteikna satt i var det ganske stille opp til Naustdal. Dei fleste valde å nytte tida til soving.Heilt greitt ettersom sjåføren då fekk styre cd spelaren heilt åleine. 

Først ut i elden var Balestrand 1. Fem av seks spelarar i troppen er eigentleg småjentespelarar, men var meldt på i jenteklassa for å få best mogleg motstand. Dette er svært lovande spelarar som treng å bryne seg mot dei beste. Småjentene klarte seg meget bra i jenteklassa. Berre så synd at det tok ei stund før dei kom i siget. Første kampen spelte dei langt under pari og tapte fortent. Den andre kampen gjekk litt betre. Her tapte dei knepent. Tredje kampen gjekk enno litt betre og jentene klarte uavgjort. I den fjerde og siste kampen løsna det skikkeleg for det unge laget og jentene fekk vist noko av det som bur i dei då dei spelte feiande fin fotball og vann heile 7-0 (det offisielle resultatet vart 6-0 ettersom sekreteriatet ikkje fekk med seg alle måla. Noko dei for øvrig hadde problem med under heile turneringa).

Balestrand 2 deltok med mange av dei same spelarane som gjorde ein flott innsats under Førde cup. Det var imidlertid merkbart at Alette ikkje lenger var med på laget. Ho var ein utprega målscorar. Jentene kjempa svært godt, spelte godt defensivt og slapp motstandarane til svært få sjansar, men skapte sjølv få målsjansar og få mål i turneringa. Dermed tapte dei de tre første kampane knepent. I siste kampen mot erkefienden Høyang spelte dei uavgjort 2-2. 

Det er tydeleg  at dei yngste jentene har gode offensive fibrar, medan dei eldste beherskar den defensive biten best. Veldig spanande med tanke på at troppen skal smeltast saman til eitt lag når utesesongen tek til. Alt i alt ei god gjennomkjøring for jentene før KM kvalifiseringa om knappe fjorten dagar. Litt varierande prestasjonar men absolutt godkjend innsats og fin innstilling av jentene. Det beste var imildertid at det verka som om alle trivdas og hadde det kjekt mellom kampane. I slike turneringar er det ikkje berre kampar og resultat som betyr noko. Vel så viktig er det å kunne ha det hyggeleg saman med andre.

Ein viktig ting på alle fotballturar, som ikkje kan prioriterast høgt nok, er snoping. På heimreisa vart det difor ”snopstopp” i Førde, i alle fall i den bilen eg sat i. Diverre var det andre som styrte cd spelaren under heimreisa med flittig bruk av volumknappen.



Skrive av: Alf Høyrem (28.01.09 - 15:58)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935261 besøk, sidan 18. juli 2005