Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Herrelaget (A-laget) er i gang




Foto:Eirik Thue

Stort oppmøte og motiverte spelarar danna grunnlaget for sesongførebuingane til sesongen 2009 for A-laget torsdag kveld.

20 spelarar var benka i klasserommet då Johannes og Geir gjekk gjennom tankane for den komande sesongen. Nytt av året, er mellom anna at det er laga ein aktivitetskallender slik at alle lettare har oversikt over dei aktivitetane som skal gjennomførast. Denne planen ligg under eige punkt på venstre side her på heimesida.

Eventuelle endringar i aktivitetsplanen vert lagt ut under aktivitetar på høgre side. På grunn av banetilhøva både på Kreklingen og Nesane, er det allereie endring måndag 12. januar. Denne treninga er flytta fram til søndag 11. januar klokka 1900, og treninga vert inne i Belehalli.

Det er førebels ikkje teken ut ein endeleg tropp, men ein har teken ut ei treningsgruppe med ganske mange spelarar. Ein tek høgde for å ta ut ein tropp når ting har "sett seg".

Samlinga torsdag kveld vart avslutta med ei speleøkt inne i Belehalli.

Fylgjande spelarar er førebels teken ut i treningsgruppa:

  • Magnus Algrøy
  • Anders Dale
  • Senad Demirovic
  • Roar Eriksen
  • Tommy Ese
  • Theodor Kvikne (trenar med Sandviken i Bergen)
  • Kristian Kyrvestad
  • Sven Arne Lundeby
  • Arnstein Menes
  • Øyvind Neset
  • Johannes Nilsson
  • Madushanka Perera
  • Roy Kennet Rendedal
  • Sondre Skrede
  • Eirik Thue
  • Lars Kjetil Nordeide
  • Adrian Wolff Nesse
  • Daniel Bjåen
  • Ole Tjugum
  • Rein Arne Isan (skule i Molde)
  • Jon Olav Aase
  • Rune Vatnøy
  • Odd Arild Lunde
  • Jan Kristian Berentz


Skrive av: Geir H (09.01.09 - 10:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935821 besøk, sidan 18. juli 2005