Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Damefotball i 2009?




Foto:Anne Karin Sjøthun

Etter eit år utan fotballtilbod for jenter/damer over 16 år, ynskjer Balestrand IL å undersøke moglegheitene for å stille med damelat igjen sesongen 2009


For at det skal vere aktuelt å melde på lag, bør ein ha 14-16 jenter/damer.

Det å ha eit tilbod for jenter/damer over 16 år som ynskjer å spele fotball, er viktig både for idrettslaget, Sygna vidaregåande skule og Balestrand som bygd.

Balestrand IL ynskjer å ha som målsetnad at det skal vere seniorlag både for damer og herrar.

Kan desse jentene og fleire til verte Balestrand damelag 2009?

Dersom interessa er bra, vil ein kalle inn aktuelle spelarartil eit møte i løpet av første dagane i januar.

Ein ber difor om at dei som ynskjer eit tilbod, og som er interesserte i vere med å eit damelag i 2009, om å ta kontakt snarast. Ein må fylle 15 år i løpet av 2009 for å vere gamal nok til å spele på damelaget, men utover det, er alle velkomne til å vere med.

Kontaktperson for Balestrand IL er Geir Harkjerr.

Send mail til gaasauge@frisurf.no eller ring/SMS til 901 38 210.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Geir på oppgjeve mail og/eller mobil.



Skrive av: Geir Harkjerr (09.12.08 - 00:16)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935928 besøk, sidan 18. juli 2005