Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Alf M. Høyrem vart årets trenar



Diplom, gåvekort og blomar til Alf
Foto:Torill Harkjerr

Julebordet på Kviknes Hotell vart ein suksess, og kveldens midtpunkt - Alf som vart kåra til årets trenar for sesongen 2008.

38 påmelde tillitsvalde med ektefelle/sambuar møtte i Villa Breim på Kviknes til ei lita samling før maten vart servert sist fredag. Litt smalltalk som det heiter og noko meir offesielt program var på agendaen.

Leiar i BIL, Kjetil Nesse, ynskte velkomen

Leiar i Balestrand Idrettslag, Kjetil Nesse, ynskte velkomen. Han takka vidare for innsatsen til alle tiilitsvalde som er med å halde jula i gang i idrettslaget. Ei kort oppsummering med herrelaget sittt opprykk og god innsats til gutelaget i Førde Cup vart trekt fram som de sportslege høgdepunkta.

BIL gav blomar til Arne Abrahamsen for å vere med stort sett "på alt" som rører seg i BIL. Han er engasjert trenar både innan fotball og handball, nestleiar i idrettslaget, og medlem i styret i fotballkrinsen. Vel fortente blomar!

Vel fortente blomar til Arne "over alt, alltid" Abrahamsen

Sveinung Alværn og Sondre Skrede fekk blomar for god innsats med gutelaget, og for at dei er trenarar for lag sjølv om dei ikkje har med ungar sjølve der.

Sveinung Alværn og Sondre Skrede med vel fortente blomar

Johannes Nilsson fekk òg blomar for sin innsats for herrelaget som vart krona med opprykk til 5. divisjon. Leiaren i BIL gav uttrykk for at han tek laget enda lenger oppover i divisjonssystemet.

Vel fortente blomar til Johannes Nilsson, som òg fekk med seg ullundertøyet som han la att under herrelaget sin opprykksfest

Trenarkoordinator, Geir Harkjerr, fekk blomar for sin innsats.

Trenarkoordinatoren fekk òg blomar

Etter blomane og mange rosande ord, fekk trenarkoordinator ordet. Han nytta høvet til å takke alle trenarar og oppmenn for utmerka innsats i sesongen 2009. Informerte òg om at idrettslaget ynskjer å vidareutvikle koordinatorrolla slik slik at andre idrettar vert inkludert.

Så var det klart for kveldens høgdepunt, forutan maten då. Etter ei oppsummering, der hovudpersonen sjølv ikkje såg ut til å skjøne at det var han ein snakka om, vart Alf M. Høyrem beden om å koma fram. Alf har vore ein stor ressurs innan fotballen i idrettslaget i mange år. Han har dei siste åra vore trenar for smågutane, småjentene, og no i år for jentenlaget. Alf er ein engasjerande og særs positiv fyr som alltid stiller opp med smilet på lur. Han er engasjert og tek oppgåvene han vert sett til på alvor. Tilbakemeldingar får spelarar og foreldre/føresette går på at borna/ungdomane gler seg til å gå på trening med Alf.

Årets trenar 2009 -Alf M. Høyrem

Difor var ikkje valet så vanskeleg når Balestrand IL skulle kåre årets trenar for fyrste gong i historia. Alf fekk diplom, blomar og gåvekort med gratis reise tur/retur Balestrand-Bergen med ekspressbåten, samt overnatting på hotell i Bergen.

Balestrand IL ynskjer og håpar at Alf vert med vidare i mange år! Vel fortent, ALf!

Klokka 2000 gjekk folket til bords og åt og drakk seg gode og mette frå dei bugnande og særs gode matfata på Kviknes.

Bordsetet i spisesalen på Kviknes

Ein flott kveld der Balestrand Idrettslag fekk gje litt attende til alle dei som står på for at idrettslaget skal vere det det er! Stor takk til alle saman!



Skrive av: Geir Harkjerr (03.12.08 - 13:30)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935871 besøk, sidan 18. juli 2005