Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Handballgutta med trillar i Belehalli



Arkivbilete
Foto:eirik thue

Handballkampen for gutar 13 på laurdag føremiddag vart ein jamn og tett kamp - ein ekte trillar der eitt mål skilde laga til slutt.

Først kan vi slå fast at gutar 13 i Balestrand er ikkje berre gutar. For to av "gutta" er Brita Thue og Martine Wolf Nesse. Og for å gjere det klart; ingen av desse to unge damene stiller med lua i handa eller med silkehanskar. Elles er følgjande spelarar med på laget: Andreas Bjerk, Fredrik Hanevik, Asgrim Farnes, Viljar Bakke Nesse, Tommy Ese, Knut Lee, Birk Isane og Kjell Andre Bakken.

På motsett banehalvdel stod Brodd frå Gloppen. Dette synte seg raskt å vere eit lag med mange gode spelarar og også god lagmessig samhandling. Alle som likar nerven i ein jamn og tett hanballkamp fekk dette til fulle denne laurdagen. Det var vist mykje fint spel og jamnt med scoringar begge vegar, og laga fulgte kvarandre tett utover første omgongen.  Innimellom fekk vi også servert godbitar av begge lag som eg vil påstå vi ikkje ser så ofte på dette nivået. Supre finter, luftige froskeskot, kontringer med kliniske 20 meters pasningar og avslutningar som fekk nakkehåra til sekretatssjefen opp i stå.. 

Då den strenge men rettferdige dommaren bles til pause leia Balestrand med eitt mål. Vi kunne berre vere nøgde då mange spelte opp mot sitt beste og litt til.

Andre omgang heldt fram som første. Måla tikka inn i begge endar og laga fulgte kvarandre som skuggar. Først då Viljar sette inn ein tomålsleing vel eitt minutt før slutt kunne vi senke skuldrane ein liten centimeter. Og då Tommy redda neste angrep mesterleg byrja Kjell Andre å juble, og avslutta sjølv neste angrep i jubelrus 20 sekund før slutt - noko som førte til at Brodd fekk eit angrep til og reduserte til 15-14. Men kva gjer vel det. I denne augneblinken får vi kjenne på følelsane ved å lukkast, sveve litt og juble.   

  



Skrive av: Arne Abrahamsen (02.12.08 - 19:29)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935237 besøk, sidan 18. juli 2005