Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Mali vil til Balestrand!



"Landskamp" på Kreklingen 2006
Foto:jarle

Malijentene tenkjer framleis på opphalda i Balestrand, og no ynskjer dei seg attende til oss.

Anders Krystad i Noregs Fotballforubund ringde i dag og sa at jenter og vaksne frå Mali framleis snakkar om Balestrand. Til sommaren skal dei på ny til Oslo og Norway Cup. Dei har òg eit stort ynskje om å koma til Balestrand att.

Nasjonalsongar på kreklingen

To gonger tidlegare har det vore jentelag frå Mali i Balestrand, og dette har tydelegvis vore ei stor oppleving. I fjor var det Malilag hjå eit vertskapslag på austlandet, og dei hadde det kjekt der òg, men dei vart skuffadå dei fekk høyre at det ikkje vart Balestrand.

Det er ein fordel at Balestrand stiller med lag i Norway Cup 2009 for at det skal verte best mogeleg utbytte for Malijentene og balestrendingane, og aller helst eit jente eller småjentelag som har tittlen som vertslag.

Afrikanske rytmar i Holmen

Vi har dreiebok for tidlegare arrangement, men det vert likevel ein solid jobb som må gjerast i førekant og ikkje minst under opphaldet i Balestrand.

Om Balestrand tek på seg å vere vertslag gjentsår å sjå, men det er i alle høve kjekt at både Mali og fotballforbundet ynskjer Balestrand som samarbeidspartnar. Det syner at opplegga før har vore gode.

God mat og mykje moro på akvariet

Dersom ein ynskjer, kan ein gå i arkivet på heimesida og rulle seg nedover og lese om dei tidlegare besøka frå Mali.

Le Aiglonnette du Mali vs Balestrand IL

Meir informasjon kjem seinare.



Skrive av: Geir Harkjerr (26.11.08 - 17:34)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935336 besøk, sidan 18. juli 2005