Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gutan sikra seg bronse



Førde Cup 2007 - arkivfoto
Foto:Geir Harkjerr

Gutane slo Hyllestad 2-1 bronsefinala. Smågutane vann B-finala på myntkast.

Jon Olav og den nye storskårararen Rainer putta kvar sitt mål, og dermed vann gutane 2-1 mot Hyllestad/Dale i bronsefinala. Dermed gjorde gutane som i fjor, vann ein flott pokal med tredjeplass. I fjor var dei rett nok i småguteklassa, men det er dei same gutane.

Smågutane spelte 1-1 mot Kaupanger 1, og etter golden gold var resultatet det same. Dermed vart finalen i B-sluttspelet avgjort med myntkast. Her hadde Balestrand alle gode ting med seg, og mynten (eller krona) landa slik som ein ynskja. Dermed vart det pokal for smågutane òg.

Jentene tapte 0-3 i sin B-finale mot Bergen Nord/Hovding 1. Eir fortent tap mot eit godt lag i fylgje rapportane.

Då er Førde Cup over for denne gong, og innsatsen til laga frå Balestrand har vore god. Berre marginar gjorde at jentene ikkje vann pulja og kom til A-sluttspelet. Begge smågutelaga vidare tilB-sluttspel som vart krona med seier. Småjentene tapte med eitt måt i sin kvartfinale i A-sluttspelet, og gutane sikra ein ny 3. plass. Bra jobba av spelarar, støtteapparat og supporterar!

God tur heim!



Skrive av: Geir Harkjerr (16.11.08 - 16:13)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488382 besøk, sidan 18. juli 2005