Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Johannes Nilsson vart årets spelar




Foto:Eirik Thue

Spelarane har gjort eit val, og det vart ikkje overraskande Johannes som fekk flest stemmer.


Alle spelarane på herrelaget har vore med i kåringa og rangert tre namn kvar. Det var ingen tvil om kven som fekk flest stemmer. Under avslutningsfesten på Kviknes Hotell, laurdag kveld, var det difor fortent heider til Johannes Nilsson!

Dagen starta i Vetlfjorden med action og spenning. Roy Kennet stod i bresjen for paintballturnering, og folket var samde om at det var moro!

Klokka 1800 var det eit meir formelt program på Kviknes Hotell med oppsummering av den sesongen som ein no har avslutta. Ein la òg fram nokre tankar om sesongen 2009. Johannes får med seg Geir Harkjerr som trenar. Saman skal desse to styre skuta vidare med ein ambisiøs kurs mot 4. divisjon. Jarle Geithus kjem inn som keepertrenar. Meir informasjon om støtteapparat, spelarar og treningar/treningskampar vil koma etter kvart

I tillegg til at Johannes vart kåra til årets spelar, var det òg fleire prisar som skulle delast ut, som til dømes toppskårar, årets mål, og liknande. Prisane var bokstavleg tala inneslåst, slik at ein må føreta dette seinare.

Folket gjekk så til middagsbordet og vart gode og mette, og det heile vart avslutta med dans til levande musikk, og ein del gode samtalar før ein trekte heimover.

PS!
Laget kjem til å trene to økter i veka frå veke 45 for å halde kroppane i gang. Første obligatoriske økt vert tysdag 4. november klokka 1930 ute på Kreklingen. Økt to den veka vert ei frivllig ei inne i Belehalli. Tidspunktet får ein på treninga tysdag. Ein ynskjer òg å spela ein del treningskampar, og allereie før jul ynskjer ein lag til Kreklingen for kampar.

Frå 15. januar startar oppkøyringa med 3-5 økter i veka.

 



Skrive av: Trenarkoordinator (02.11.08 - 10:22)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4446265 besøk, sidan 18. juli 2005