Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Herrelaget sikra seg KM-tittelen




Foto:Jarle Geithus

Så var endeleg den store dagen der. Dagen Balestrand endeleg skulle ta heim pokalen som synlege KM meistrar i 6. divisjon. Til dagen ein skulle få  beviset på  steget opp til 5. divisjon – og til eit nivå ein ikkje har spela høgre på på 27 år. 

Dagen alt som heitte pyrisept, bomull og grus var gløymt, dag nummer ein i ei ny tidsrekning – ein dag for å sjå framover. Etter ein merkeleg kamp tok også Balestrand heim meisterskapen – men det var ikkje før vi fekk oss nokre nerveslitande minuttar på slutten og ein andre omgang som vi synest sette litt riper i ein elles strålande sesong. Balestrand var klart best i første omgang og spela som i første KM kamp mot Tambarskjelvar. Pauseresultatet var 5-1 til Balestrand. I andre omgang falt ein derimot heilt saman og greidde berre heilt til slutt å få samla seg  til eit uavgjort resultat. Nok til å sikra KM tittelen totalt sett.

Kampfakta: Balestrand IL (3-5-2)
Geir Harkjerr
Gustav Nesse, Tommy Ese (kap), Teodor S. Kvikne
Roar Eriksen, Eirik Thue, Johannes Nilsson,  Øyvind M. Neset, Sondre Skrede
Ole Petter Haugstvedt, Arnstein Menes

Reservar/ bytte:
60 min  Roy Kenneth Rendedal inn for Sondre Skrede
66 min  Madushanka Perrera inn for Arnstein Menes
70 min  Magnus Algrøy inn for Øyvind Neset
77 min  Øyvind Neset inn for Eirik Thue
87 min  Senad Demirovic inn for Roar Eriksen

Mål:  Balestrand - Loen   (5-1)  6 - 6  
0 – 1   12. min
1 – 1   17. min Ole Petter Haugstvedt
2 – 1   25. min Ole Petter Haugstvedt   
3 – 1   29. min Roar Eriksen       
4 – 1   35. min Johannes Nilsson
5 – 1   40. min Eirik Thue
5 – 2   48. min                                                            
5 – 3   50. min             
5 – 4   63. min             
5 – 5   70. min             
5 – 6   85. min             
6 – 6   88. min Madushanka Perrera  

2 gule kort
89 min  Tambarskjelvar
89 min  Arnstein Menes (farleg takling)

Dommar:  Jarle Andersen (Syril). God dommar og med mange gode avgjerder. Kom godt frå denne kampen. Vi har vel berre ein merknad til dømminga. Han blåste offside mot Balestrand i eit angrep der Roy Kenneth scora etter tversoverpasning frå Arnstein. Frå vår posisjon trur vi at avgjerda var feil. Roy Kenneth var på full fart in i feltet samstundes som Arnstein gjev pasning. Truleg feil av dommar. Ei avgjerd på stillinga 5-3 til Balestrand som kunne vore avgjerande.  

Balestrand stilte opp med den vanlege 3 – 5 – 2 formasjonen. Det var gjort to endringar frå kampen mot Tambarskjelvar. Sondre Skrede og Roar Eriksen spela frå start medan Roy Kenneth Rendedal var på benken og Sven Arne Lundeby var bortreiset. I tillegg hadde Ole Petter vorte flytt fram som spiss og Øyvind var flytt ned på midtbana. Ingen endring i forsvar eller keeper.  

0 – 15 min God opning men jamnare etterkvart
Balestrand verka meir medvitne på å ta kommande frå start dei første minuttane av denne kampen enn mot Tambarskjelvar. Etter 2 minutt kjem Ole Petter fint fram nede ved dødlinja om lag ved 16 meteren, lurer av ein forsvarspelar, forserer mot 5 meteren og skyt hardt inn i feltet. Det vert ikkje noko av forsøket - men retninga på kampen er gjeven.  Etter klart overtak dei første 7- 8 minuttane kjempar Loen seg etterkvart meit inn i kampen og det jamnar seg ut. Første varsel får vi ved ein bom på ballen av Tommy i forsvar etter 8 minutt. Heldigvis er ikkje Loen meir dyktig til å gjere noko med det. Etter 12 minutt kjem eit langt framspel. Teodor avklarar svakt med å stusse ballen bakover. Ein Loen spelar fangar stussen og skyt på halv volley ein ball på keeper si venstre side. Skotet er frå om lag 18 meter. Skotet er ikkje spesielt hardt – men keeper klarar ikkje å halde og slår den i mål til Loen leiing 0-1. Er du usikker her Geir  skal du slå ballen til corner.  

15 – 45 minutt Balestrand tek kommando og styrer kampen
Kampen er femten minutt då Balestrand får rista av seg målet og viser at ein vil ta  kommando i kampen. Johannes får til eit skot frå 20 meter som keeper må slå til corner. På corneren som Gustav slår headar Øyvind over frå umarkert posisjon. Her kunne og burde du ha scora Øyvind. Etter 17 minutt dempar Ole Petter eit framspel på brystet og skyt. Ballen går igjen til corner. På corneren er Ole Petter sterk i feltet og får ballen i mål etter litt svakt forsvarspel av keeper og avklaring hjå Loen. Det står 1-1 og Balestrand har atter ei hand på pokalen.  

Etter 19 minutt erobarar Eirik ballen på midten, vender av ein spelar får slått framover litt mot venstre til Ole Petter. Ole Petter slår motsett mot Øvind som stormar fram på høgre kant inn i 16 meterfeltet. Øyvind har god tid – er på blank goal – men vil prøve direkte på eit volleyskot. Ballen går over og til side. Her hadde du nok hatt betre tid.
 

Kampen er 22 minutt då Loen får ein sjanse i Balestrand sin elles gode periode. Loen fossar fram på venstre kant. Balestrand si midtbane har ikkje press på ballførar. Krossball kjem til høgre der ein Loen spelar for ope mål skyt over. Tafatt forsvar av Balestrand. 

Men Balestrand har klart banespelet i denne perioden. Eit lang framspel endar hjå ein umarkert Ole Petter. Han står heilt på grensa til offside men får gå. Ole Petter fintar ut keeper og plasserer ballen i mål til 2-1 i det keeper vert passert. Ei fin prestasjon. Ole Petter har i denne perioden fleire gode sjansar og dominerer framme hjå Balestrand. Etter 29 minutt går Balestrand opp i 3-1.  Ole Petter er nok ein gong involvert i form av at han kastar langt inn i feltet. Det vert stuss bakover i feltet og heilt bakerst ved stolpen står Roar umarkert og headar i mål.  Balestrand rullar opp fleire angrep. Vi noterer 31 minutt då Eirik vinn ballen på midten, gjev ballen til Arnstein på høgre kant – Arnstein gjev direkte til Ole Petter. Headinga til Ole Petter går like over. Eit særs flott angrep.  Ikkje mange minuttar etter legg Eirik eit frispark frå om lag 5 meter før midtstreken. Ballen går inn i 16 meteren til Loen, vert heada utover. Der står Johannes. Johannes får den tid han treng og plasserer ballen kontant til høgre i målet. Det står 4-1 til Balestrand.  Det siste flotte angrepet og målet i første omgang startar med at Arnstein vert takla hardt på midtbana og vert liggande. Dommar let Balestrand få fordel av ballen og ein passning går fram mot Eirik som står 25-30 meter frå mål. Han tar to steg fart, siktar og skyt kontant til høgre for keeper i mål. Arnstein rekk akkurat å reise seg til å vere med på feiringa av scoringa. 

På tribuna er ein godlage etter ein svært god første omgang.  

46-70 min  Loen overtek banespelet og Balestrand sviktar totalt
Ingen bytte i pausen. Det går ikkje lenge før vi ser at det er eit mykje betre Loen lag som går på bana i andre omgang. Hjå Balestrand derimot sviktar både midtbane og forsvar. Alt i det 48 minutt kjem første redusering. Teodor spelar inn tilbake til keeper. Keeper gjev retur og Loen scorar. Det same gjentek seg to minutt seinare og det står brått 3-5 og Loen er med i kampen igjen. På dette tidspunkt meiner vi Balestrand burde gjort rokeringar. .  Balestrand gjer i denne perioden rett nok eit par byte (Roy Kenneth og Madushanka kjem inn) men endrar ikkje på formasjon. Truleg var det rett å gå på bana med same lag og oppstilling etter pause – men ikkje no lenger. Ein kunne til dømes lagt om til 4-4-2 eller kanskje 4-5-1 i ein kort periode til nervene i laget kom attende. 

I det 55 minutt kjem Loen til ein ny klar sjanse etter godt kombinasjonspel på venstre kant. Nokre minutt etter får Balestrand imidlertid ein sjanse til å avgjere kampen på nytt. Arnstein ligg på på offisde linja – går mot mål og kan skyte direkte – men gjev ein pasning mot høgre til Roy Kenneth. Dommar bles for offside. Vi meiner det er feil avgjerd av dommar. Balestrand kunne her ha avgjort kampen. I staden er det Loen som scorar i angrepet etter og det står 5-4. Etter 70 minutt står det brått 5-5 og på tribuna er skjønar ein at dette kanskje ikkje  går vegen. Sjølvtiliten er borte, keeper verkar å ha teke med seg feile hanskar og forsvaret verkar å ha nervene i ulage. Det er tendensar til oppløysing.   

70-90 minutt: Balestrand kjempar seg inn i kampen att
Det er imidleritd likevel skal det vise seg at det er ved 5-5 at alvoret er nådd fram til spelarane. Gustav gjev melding om at han vil fram på midtbana å kjempe for laget og det vert gjort ei endring ved at han går fram og Maguns kjem inn som stoppar. Denne endringa ser ut til å hjelpe. Magnus går tøft inn i duellane bak og Gustav gjev nytt blod til ei paralysert midtbane.  Etter 74 minutt og 79 minutt får Balestrand to gode sjansar ved at Madushanka først er åleine med keeper men keeper reddar, og sist ved at Ole Petter skyt frå sju meter distanse litt skått på mål – skotet vert redda.  Loen har og gode sjansar. Frå fem meter hald skyt dei over i det 83 minutt.  Fem minutt før slutt kjem det alle trur er avgjerda i kampen. Etter flipperspel inne i 16 meterboksen til Balestrand tek ingen avsvar for å avklare og ein Loen spelar dyttar ballen til slutt over streken frå kort hald. Kampen synest over. I nokre desperate trekk etter scoringa spelar Balestrand ballen langt fram – og som ved eit under får Madushanka på eit av desse ballen ved bakre stolpe og scorar til 6-6 i det kampen går inn i sluttminuttane av ordinær tid.  Det er lagt til eit par minutt – men det får ikkje anna konsekvesar enn litt høg puls på tribuna og eit par gule kort på bana. Balestrand er likevel meister. 

Vurdering av enkeltspelarane 

Geir Harkjerr (keeper)   3 poeng
Eit par fine redningar på skot frå mellomdistanse der han får kroppen bak ballen. Betre utspark enn sist kamp. Gjev unødvendig retur på nokre av scoringane til Loen. Det skaper utryggleik i forsvaret og smittar og fører til at Loen kjem inn i kampen att. Ingen god kamp. 

Tommy Ese (forsvar)     4 poeng
Spelar godt i første omgang. Er då klar og tydeleg som i kampen mot Tambarskjelvar. Vert sett under press i andre omgang – og eit press vi synest han kunne løyst betre. Gjer ikkje nødvendigvis direkte feil – men er trass alt kaptein og skal då saman med trenar finne ut av problema tidlegare. 

Teodor Kvikne (forsvar) 4 poeng
Spelar ein stort sett grei kamp – men er litt uvenn med ballen  nokre gangar på første touch. Involvert negativt eit par gangar ved scoring imot.      

Eirik Thue (midtbane)    6 poeng  
Spelar også mot Loen ein god kamp. Er roleg med ballen og gjev mange fine pasningar mot Ole Petter og Arnstein. Flott scoring som trekk opp – men på den negative sida er at han verkar som han går litt tom av krefter i andre omgang då det gjeld som mest for Balestrand.  

Johannes Nilsson (midtbane)      5 poeng
Vi synest ikkje at Johannes spela noko god kamp i dag. Involvert ein del i starten men langt frå den sjef han har vore tidlegare. Burde som trenar ha gripe inn langt tidlegare i forløpet for rette opp det som skjer på bana når alt sviktar. På grensa mot 4 poeng – men scoring gjev at han vippar mot 5. 

Ole Petter Haugstvedt    8 poeng
Klart banas beste spelar. Er involvert i dei fleste scoringane. Syt føre at Balestrand hentar inn 0-1 og går til 2-1. Skapar støtt uro i forvaret til Loen.  Arbeider også godt bakover på bana. I tillegg til scoringane lagar han på eigenhand mange sjansar. Er lett å spele opp på. Kan ta imot ball på medløp, rettvendt og møte ball. Dei første 35 min av kampen til 9 poeng – men andre omgang trekk ned som for dei andre.Kan ikkje lastast for at Balestrand svikta i andre omgang. 

Øyvind Neset    5 poeng
I utgangspunktet var vi veldig optimistiske då Øyvind og Ole Petter bytta plass på laget. For Ole Petter var det positivt – men vi var ikkje like nøgde med Øyvind sin innsats. Spela godt i første omgang utan å sette preg på kampen – men burde kjempa meir då Balestrand fekk kampen imot seg i andre omgang 

Gustav Nesse    6 poeng
Spelar solid i forsvar i første omgang. Tek på seg ansvar når det buttar mot. Tek kommando på midtbana når han kjem fram på stillinga 5-5 og må dermed seiast å vere Balestrand sin nest beste spelar i kampen. 

Arnstein Menes  6 poeng
Vi synest at Arstein spelar betre dennne kampen enn mot Tambarskjelvar.  Lagar ikkje mål men er til stadig framme som uromoment, pasningstilretteleggar og oppspelspunkt. Kunne scora eit par mål.  

Roar Eriksen     6 poeng
Spelte ein god kamp og scora eit fint mål. Gjorde eit godt inntrykk for oss med roleg spel langs bakken og med fine kombinasjonar med Johannes og Eirik. Kjempar godt og er tøff nok i duell. 

Sondre Skrede   5 poeng
Sondre spelte ein grei kamp. Skaper ein del i ein vanskeleg posisjon på kant. Har vilje til å arbeide både bakover og framover og får pluss for innsats. Er nok ikkje den mest kreative og kunne prøvd seg på å slå den fine eller uventa stikkaren mellom ledd som Eirik og Øyvind er så gode til. 

Roy Kenneth Rendedal   5 poeng
Fleire fine forsøk i første omgang. Er best framover på bana og bidreg med raske overgangar til at Balestrand får mykje av spelet på venstre kant i første omgang. Har imidleritd ikkje same ro i denne kamp som til dømes Eirik til å gje kampavgjerande pasningar eller mål.    

Madushanka Perrera      6 poeng
Gjorde eit godt innhopp som reserve og scora det avgjrande målet. Kunne ha laga eit til då han var åleine med keeper. 

Magnus Algrøy  6 poeng
Gjer eit solid inntrykk når han kjem inn. Syter for at forsvaret og laget får ny sjøltillit når ein treng det som mest.  

Senad Demirovic           5 poeng
Spela berrre nokre få minutt



Foto:Jarle Geithus



Foto:Jarle Geithus



Skrive av: hob (20.10.08 - 11:16)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935338 besøk, sidan 18. juli 2005