Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Verdsdagen for menal helse




Foto:jarle geithus

Torsdag 23. oktober vert verdsdagen for mental helse markert i Balestrand.

Tema i år er: Livet går opp og ned - snakk om det. Målet er å informere og oppnå større openheit om tema psykisk helse. I denne samanheng vil me mellom anna gjenomføre turmarsjen "Gå for openheit" der alle som deltek vert med i trekkinga av mange flotte premiar i tillegg til at alle får "Gå for openheit"- medaljen.

Det vert oppmøte ved bygdahuset kl. 1630 for opning av arrangementet ved Ingun V.Ulvestad, apell ved ordførar og registrering for turmarsjen . Klokkargarden står for salg av kaffi, saft og bollar.

Etter marsjen som går ut Lærargata, ned Balavegen rundt sentrum og tilbake til bygdahuset, vert  det trekking av premiar. Me håpar mange vil vere med å støtte opp om arbeidet for psykisk helse.

Balestrand Idrettslag oppmodar alle medlemmane om å vere med på denne markeringa og løpet. Sjå òg på heimesida til Balestrand kommune.

Vel møtt!



Skrive av: Geir Harkjerr (19.10.08 - 21:36)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935229 besøk, sidan 18. juli 2005