Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Finale på Kreklingen




Foto:Eirik Thue

Etter at Loen slo Tambarskjelvar, vert det no rein finale om KM tittelen på Kreklingen, laurdag 18. oktober.


Loen vann 6-2 heime mot Tambarskjelvar søndag. Med 9-2 seieren til Balestrand friskt i minnet, vert det då ikkje så vanskeleg å rekne ut at det vert ein rein finalekamp på Kreklingen.

Laurdag 18. oktober klokka 1500 stiller Loen på motsett banehalvdel. Balestrand vert kretsmester med uavgjort, men ein håpar og trur at laget skal halde fam med seiersrekka.

Ein håpar at publikum finn vegen til Kreklingen denne laurdagen, slik at ein saman med spelarar og støtteapparat kan vere med på å setje eit verdig punktum for sesongen.

Med Sygnarepresentantar på laget, så forventar ein òg eit stort innrykk med publikum derifrå. Ein kan ta med at publikumsrekorden i "moderne tid" truleg er på drøye 200 i samband med "landskampen" som jentene spela mot Mali for tre år sidan. Kan vi slå denne?

Det er sett opp ein domartri til kampen, og denne vert leia av Torstein Kvam.

Vel møtt til sesongens siste fotballkamp på Kreklingen!



Skrive av: Geir Harkjerr (12.10.08 - 21:26)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939280 besøk, sidan 18. juli 2005