Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Trenarkurs i Balestrand




Foto:Geir Harkjerr

I samband med fotballkrinsen ynskjer ein å fortsetje med trenarutdanninga i Balestrand.

14 personar var med på kurset Trenar I, modul 1. No ynskjer vi å fortsetje å gje trenarane våre meir utdanning. Trenar I kurset har totalt 4 modular, men det er ikkje noko krav at ein tek desse i rekkefylgje. Ein må heller ikkje ta alle modulane.

Ein ynskjer no å gjennomføre modul 4, som omhandlar ungdomsfotball i alderen 13 - 19 år. Sjølv om målgruppa er retta mot ungdomsfotball, er det ingen ting i vegen for at trenarar frå alle nivå er med. Det er heilt sikkert noko for alle her.

Ein ynskjer òg at fleire en dei som var med sist melder seg på.

Alle trenarar/oppmenn i BIL og dei som deltok sist har fått mail om dette med frist for tilbakemelding. Det kan òg vere andre som ikkje står på på den oversikta som er aktuelle kandidatar for eit slikt kurs. Så dersom du les dette og har lyst til å vere med, tek du kontakt med trenarkoordinator, Geir, innan 6. oktober.

Tidspunktet er ikkje endeleg fastlagd, så her er det mogeleg å kome ynskje om aktuelle helgar. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om kurset.



Skrive av: Trenarkoordiantor (29.09.08 - 15:44)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935926 besøk, sidan 18. juli 2005