Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Fugl Føniks på Kreklingen




Foto:

Etter å blitt litt "grilla" i forrige kamp steig smågutane ut or oska i ny drakt i heimekampen mot Syril måndag kveld.


 

I garderoben var spelararne stille og konsentrerte. Avtalene om arbeidsoppgåver i dei forskjellige posisjonane var mange, - for det var mykje å rette på frå forrige kamp!

Allereie i starten av kampen såg vi at spelarane iherdig forsøkte å få til det vi var blitt samde om. Innsatsen og gløden lyste av kvar einskild, og vi på sidelina kunne høyre dirrigering og oppmuntring mellom spelarane. Etterkvart kom då også dei gode prestasjonane, både individuelt og ikkje minst i glimt av virkeleg god samhandling.

Defensivt vart det jobba knallhart i midtbana både for å vinne duellar og ikkje minst presse og hindre ballførar i å slå gode oppspel til Syril sin store og hurtige spiss. Det som kom igjennom vart då ofte litt upresist og fanga opp med stor entusiasme og lidenskap i den bakre firaren. Offensivt klarte vi å variere angrespelet mykje meir enn tidlegare. Vi fekk mellom anna helde betre breidde, både med plasseringa til, og bruk av kantspelarane. Angriparane var flinkare til å søke rom og vere bevegelege i forkant. Midtbanespelarane trykte også bra etter slikt at vi skapte eit godt kolletivt trykk.

Første målet var ein riktig godbit. Etter mange trekk får Birk ballen på utom 16-meteren litt til høgre for målet. Kristoffer kjem inn frå sin venstre kant motsatt og søkjer ope rom inne i boksen - ein perfekt bevegelse. Og så ei perfekt passning - og Kristoffer har all tid han treng til å plassere ballen kontrollert til side for keeper. Andre målet står Georg for. Gode bevegelsar utan ball trekkjer med seg forsvarspelarar, og Georg kan sjølv gå gjennom forsvaret på høgresida. I kjent stil smell han ballen i mål nede ved motsett stolpe. Ein god prestasjon. Syril klarer derimot å svare på tiltale når ballen sprett litt deira veg i ein duell i forsvarsrekka. Aleine med keeper plasserer angriparen deira ballen utagbart nede med stolperota. Ein god prestasjon det også, og 2-1 til pause gjer at kampen bokstaveleg lever.

Vi er godt nøgde med gjennomføringa av omgangen, og vert samde om å halde fram i same spor. Andre omgang vert like tett som første. Syril kjempar innbitt for ei redusering, men vi sit likevel med ei føling av at det er Balestrand som er farlegast og nærast ved å score. Syril kjem også til svært få klare målsjansar. Så kjem likevel 2-2 målet. Eit frispark frå høgresida treff eit uheldig balestrandbein - og ballen trillar så vidt over streken - og vi er like langt.

Vi veit at slike mål gjev masse energi og kan endre kampbiletet. Men Balestrandgutane let seg ikkje vippe av pinnen. Dei held fram med det kostruktive spelet og rullar opp fleire flotte angrep. På eit innlegg frå høgre er Asgrim på plass og set inn eit fortent 3-2 mål. Kristoffer auker til 4-2, og vi fortset med fint angrepsspel. Vi har to tre store sjansar til og kunne fort ha scora eit par til. Syril forsøkjer ein skikkeleg sluttspurt, men laget jobbar glitrande defensivt og rir inn sigeren.


Alle har vi dagar vi er mindre nøgde med, ting vi gjorde feil eller situasjonar der vi ikkje gjorde det vi skulle. Det ligg mykje lærdom i å tørre å sjå feila, erkjenne dei og så forsøkje å gjere det rett eller betre når neste sjanse er der. Denne kvelden kunne smågutane, kvar og ein og som eit samla lag, med rette vere stolte over prestasjonane - og det å ha reist seg etter motgang.

 

Spelarvurdering:


Tommy Ese
Keeper i heile kampen. Er som vanleg god og trygg på strek. Viser i dag nye kvalitetar i å komme tidleg ut og hindre situasjonar i bakrom. Har også eit par svært gode igangsetjingar med utkast frå dødball. Har ein større atoritet og gjer totalt sett sin beste kamp for sesongen.

Kjell Andre Bakken
Er sjefen i forsvaret. Er duellsterk, trygg med ball og plasserer seg godt i dag. Spelar med eit smil om munnen og held konsentrasjonen gjennom heile kampen - noko som som er viktig for at Kjell Andre skal prestere godt. Returløpa frå dødballar går i 100 - og varmer eit trenarhjerte!

Kåre Andre Thue
Veks utover i kampen, og klareringane vert tryggare og betre anten dei er med beina eller med hodet. Klarer også å gå i press med mykje betre bein- og kroppstilling enn tidlegare. Fekk ein kommentar frå ein annan trenar om at Kåre Andre er ein spelar som har gjort kvantesprang i positiv retning. Er heilt samd i dette.

Trygve Olav Feidje.
Trygve Olav er virkelig back in buisness. Sjølv om han er eit hovud mindre enn motspelaren gir han alt i duellar og held tett på si side heile kampen.

Nicolas Krokum
Speler back i kveld. Etter ein litt uryddig start er han på plass. Det er sjelden noko kjem forbi i dag. Har fleire forseringar og gode avleveringar. 

Viljar Bakke Nesse
Spelar stort på høgre back. Kompromisslaus er blitt eit varemerke. Slepp mest ingen forbi i dag. Er no moden for å jobbe vidare med dei offensive rollene til ein back.

Georg Nesse
Dominerer midtbana saman med Birk i dag. Dei to vinn dei fleste duellane. Varierer oppspela i angrepsfasen, noko som gjev seg utslag i eit mykje betre kollektivt angrepsspel. Dette kan vi utvikle ytterlegare. Eit mål også - som vanleg.

Birk Isane
Jobbar svært godt gjennom heile kampen. Bruker stålkondisen og løper meir enn nokon. Er som vanleg god i defensiv jobbing. Er i dag også mykje meir innvolvert i det offensive spelet enn tidlegare. Trer Kristoffer glitrande gjennom på 1-0 scoringa og har fleire gode pasningar og også skotforsøk. Totalt sett beste kamp av Birk så langt.

Endre N. Offerdal
Endre er flink til å halde breidde og gjere seg spelbar. Vert også nytta jamnt og trutt. Slår gode innlegg og dødballar. Er i dag også flinkare til å komprimere i midtbana og ta eit defansivt tak.

Kristoffer Lidal
At Kristoffer er ein spelar med mykje talent og gode tekniske ferdigheiter viser han til fulle i dag. Viser også ein litt ny dimensjon med smarte bevegelsar i rom - som gjer han godt spelbar for dei andre. To scoringar i tillegg er meir enn godkjent.

Eirik Buene
Har tynt treningsgrunnlag denne hausten, og får nokre minuttar på høgrekanten. Løyser oppgåvene svært godt i hektiske sluttminuttar når Syril pressar på. Trening Eirik - så vert dette bra!

Per Aki Kvikne
Har også eit litt tynt treningsgrunnlag, men er i dag mykje kvikkare enn dei forrige kampane. Løyser oppgåvene på topp betre. Har fleire vellukka aksjonar i rolla som møtande spiss der ballen vert kontrollert og levert med god adresse. God innsats i dag!

Asgrim Farnes
Har slitt med å vere for stilleståande. I dag kjem lure bevegelsar heile vegen. Serverer og scorer eitt mål. Har grunn til å vere godt nøgd med årsbeste.

Fredrik Hanevik
Går utretteleg på løp og gjer ein uvurderig innsats. Vert ikkje spelt opp så mykje som vanleg (heldigvis), men skaper samstundes mykje rom for andre. Kan bli flinkare til å halde breidde når han får sjansen på kant. Alt i alt svært bra Fredrik.

Vi cruisar heim igjen, og lyttar med eit smil om munnen når Jonny fortel om Stigen og vegn til garden opp gjennom berghamrane. Når vi susar inn i ein grå vegg etter å ha passert Leikanger smiler vi framleis - og kjenner regnet og vinden gjennom håret.

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (11.09.08 - 17:11)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939285 besøk, sidan 18. juli 2005