Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane måtte bite i graset




Foto:

Gutane frå Gular vart for sterke på sin heimebane måndag kveld.

 

Smågutane frå Balestrand mønstra ein redusert tropp til bortekampen mot Gaular. Sjukdom gjorde at vi mangla fleire sentrale spelarar. I tillegg var nokre av dei som var med på kampen tydeleg ikkje i toppform heller. Men med 12 spelarar hadde vi då i alle fall ein innbyttar.

At vi ikkje var heilt i toppslag viste seg raskt. Vi var rett og slett tannlause frå første spark. Frå midtbana og fram klarte vi ikkje å vinne duellane og då er det vanskeleg å vinne kampar. Dei første 20 minutta klarte vi likevel å henge brukbart med. Spelet bølga fram og tilbake og begge lag skapte sjansar, men utan at nokon klarte å omsetje dei i mål.

Så kom nokre minutt der rullegardina gjekk ned! Med dårleg press på ballførar i midtbana og total mangel på å ta ut sikring i forsvarsrekka fekk Gaulargutane springe gjennom forsvaret som ein varm kniv gjennom smør. Og på dødballane, som Gaulargutane forresten var gode på, virka det som vi hadde glømt sjølv det mest elementære. Vel Gaular fekk 5 raske mål - der vi med enkle grep og litt flaks kunne ha unngått i alle fall 3... Innimellom dette klarer vi å rulle opp eit fint angrep der Fredrik lagar sitt første mål for dagen, så resultatet til pause vert 5-1.

Med gode erfaringar frå tidlegare var det tydeleg at gutane også no ville prøve å heve seg i 2. omgang. Innsatsen vart då også mykje betre og vi var fullt på høgde med Gaular i starten av omgangen. Då kring 20 minutt var spelt stod det 6-3 til Gaular etter to nye mål frå Fredrik. Det siste ein godbit - skot frå hjørnet av 16-meterein oppunder tverrliggaren.

Så gjekk rullegardina ned att - og eg trur sanneleg vi fekk stanga i hovudet og denne gongen... Med ønske om å gjere det umulige mulig gjekk forsvararane våre på sugande lange offensive løp - men orka dessverre ikkje å ta løpa heimatt. Med reine motorvegen til målet vårt gong på gong i sluttminuttane kunne heimelaget varte opp med effektiv gjennombrotsfotball, og 4 raske mål. Det positive frå sluttfasen av kampen var når Tommy redda straffe og Kristoffer elegant skrudde inn eit frispark frå ca 20 m hald mellom 16-meteren og langsida.

Då dommaren bles av var det 10-4 til Gaular. Vi måtte berre bite i graset og gratulere Gaular med ein fortent siger. PS! trenaren og sjåføren for dagen fekk kjeks å bite i frå ein kjekk Gaulargjeng på sidelina.

Kampen sett under eitt må vi glede oss over at Fredrik med sitt hattrik har funne att scoringsforma. Elles må vi nok hugse dette som kvelden vi vart hardt og rettmessig straffa for eigne feil. Måtte vi klare å lære av det - og snu det til seier i framtida.



Skrive av: Arne Abrahamsen (05.09.08 - 08:57)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939283 besøk, sidan 18. juli 2005