Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med nytt 4-1 tap




Foto:Alf Høyrem

Jentelaget tapte 4-1 borte mot Kaupanger søndag. Ut frå spel og sjansar kunne tapet ha vore større.

Tidleg i kampen var det klart at dette ikkje var Balestrandjentene sin dag. Etter ein relativ god kamp mot Lærdal på fredagen, var det tydeleg at ikkje alle klarte å mobilisere til ny kamp berre to dagar etter.

 

Jentene frå Kaupanger var først på ballen og vant nesten alt av duellar. Til trass for store sjansar til Kaupanger hadde Martine ein kjempesjanse til å føre Balestrand opp i leiinga etter at ho vart fint spelt igjennom og sprang i frå forsvaret. Skotet gjekk imidlertid utanfor etter at ho brukte litt for lang tid på avslutninga.

Etter 15 minuttar av omgangen vart Martine på nytt spelt igjennom. Denne gongen gjorde ho ingen feil og klinka ballen i mål åleine med keeper. Balestrandjentene kunne og burde faktisk ha gått opp til 2-0. Martine vart spelt igjennom for tredje gong. Denne gongen la ho fint over til Ida som ikkje klarte å få kontroll på ballen nesten på målstreken og ein forsvarar fekk avklara. Ein megasjanse.

Jentene frå Kaupanger heldt imidlertid fram med å dominere kampen og det var heilt fortent då dei utlikna berre 5 min før pause. Balestrand var svært heldig som kunne gå til pause med uavgjort.I andre omgang heldt Kaupanger fram med å dominere. Det var difor ikkje noko å seie på at sluttresultatet vart 4-1 til vertane. Med betre utteljing kunne sigeren å vore enno større. 

Etter kampen var det ikkje så mykje å seie. Jentene forstod sjølve at dei hadde gjort ein dårleg kamp og var tydeleg skuffa. Alle jentene kan betre enn dette. 

Det positive er at Balestrand i denne kampen spelte med heile fire 13 åringar, alle første års småjentespelarar. Ale fire klarte seg fint. Det gjev håp om gode spelarar i jenteklassa i åra som kjem. Martine, t.d. fekk vist at ho har ein fysikk som matchar langt eldre jenter.  

Allereie onsdag er det ny kamp heime mot Jølster.   



Skrive av: Alf Høyrem (02.09.08 - 13:00)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935288 besøk, sidan 18. juli 2005