Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tap for jentelaget mot Lærdal




Foto:Alf Høyrem

Jentelaget tapte 4-1 borte mot Lærdal. Det stod  1-1 til pause etter ein god første omgang av jentene.

Før kampen snakka me om kor viktig det var å kome godt i gang. Etter 38 sekunder stod det 1-0 til vertane! Etter denne kalddusjen vakna jentene, og derifrå og ut omgongen var jentene frå perla ved Sognefjorden heilt på høgde med lærdølene.

Etter om lag 20 minutt kom utlikninga. Alette, som debuterte som midtstoppar i denne kampen, slo eit frispark til Ida. Ida fekk vist litt av kva som bur i henne då ho hardt pressa av ein forsvarar likevel klarte å skape seg rom nok til å kome til avslutning. Det velplasserte venstrebeinsskotet var keeper sjanselaus på. Fin pasning og flott avslutning. God kjemping og fleire gode angrep av jentene i denne omgangen.

Berre minuttar før omgangen var over vart Stine, som debuterte som keeper i første omgang i Berit sitt fråvær, stygt stempla. Stine nådde ballen før angriparen som ikkje trakk seg men sette knottane i mage/hofteregionen til Stine. Skikkeleg stygt var det utan at spelaren ein gong fekk tilsnakk. Det må nemnast at akkurat tilsvarande skjedde i førre bortekamp mot Lærdal i vår. 

Lærdal var det klart beste laget i andre omgang. Diverre hadde me med berre ein innbytar i denne kampen. Balestrandjentene vart tydeleg slitne ut over i omgangen og sjølv om dei kjempa godt, klarte dei ikkje å halde same trykket som i første omgong. Lærdal hadde fleire fysisk sterke spelarar som var sterke og tøffe i duellane. Laget frå bygda med den ein gong så gode lakseelva, gjekk fortent opp til 2-1 etter ti minuttar av omgongen etter fleire store sjansar.

Berre fem minutt etter var imidlertid  Balestrandjentene  frampå med eit godt angrep. Oline forserte fint inne i feltet og manøvrerte seg som ein ål mellom to forsvararar. På veg  igjennom vart ho dytta over ende. Utruleg nok blåste ikkje domaren straffe. Sjølv heimepublikummet måtte berre riste på hovudet. I staden for ei sannsynleg utlikning, scora Lærdølen to raske mål og kampen var avgjort. 

Til tross for tap var dette jentene sin beste bortekamp for sesongen. Spesielt første omgang. Stine og Mathilde måtte spele kvar sin omgang som keepere i Berit sitt fråvær og klarte seg veldig bra. Amanda var som vanleg høgt og lågt og rydda opp. Synd det ikkje er seniorlag for damer denne sesongen slik at ho kunne ha fått prøvd seg der. Alette klarte seg og godt i sin debut som midtstoppar. Elles var det god kjemping av alle så lenge kreftene heldt. Og ikkje minst, ein veldig gode tone i laget, der det såg ut som om jentene trivdas ute på bana.



Skrive av: (31.08.08 - 10:36)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935243 besøk, sidan 18. juli 2005