Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane i jamn batalje


Smågutane frå Dale trakk det lengste strået i ein jamn og tett kamp på Kreklingen stadion.
Smågutane til Balestrand var fast bestemt på å ha full innsats frå første spark i denne kampen. Historien frå Jølster skulle i allefall ikkje gjenta seg.

Etterkvart som kampen kom i gang vart det klart at dette kom til å bli jamnt og tett. Begge lag forsvarte seg godt og laga kom til få sjanser. Det vart mykje duellspel i alle lagdelar, og det gode og konstruktive angrepsspelet såg vi berre i små glimt. Så ut av ingenting gjev vi Dale ein liten gåvepakke då forsvar og keeper venter på kvarandre. Dalespelaren snapper ballen, takker og bukker, og set den sikkert i mål. Neste mål er og av den enkle sorten. Eit frispark frå langt hald ute på høgresida vert slått lågt inn mot bakre stolpe. Ballen sprett gjennom heile feltet og inn i lengste hjørne. Vi på vår side klarer å skape nokre halvsjansar og eit par store sjansar. Kjell Andre Stig flott til vers på ein korner og heddar like utfor stolpen. Asgrim kjem og til eit par store skotsjansar kring 16-meteren. Den eine vert blokkert i siste sekund medan den andre smell i tverleggaren.


Dale kan gå til pause med ei 2-0 leiing. I grunnen litt ergeleg å komme to mål under etter ein så jamn omgang, men sånn er no fotballen.

I andre omgang pressar Balestrand på, men har problem med å trenge gjennnom ei kompakt Daleforsvar. Angrepsspelet vår vert også monotont med gjentatte forsøk på gjennomspel i midten. Men så kjem Georg med skotfoten. Han smell til frå 25 meter og ballen har retning mot høgre kryss. Keeper er på, men mister ballen i mål. 1-2 og nytt håp. Vi presser febrilsk, men når vi innimellom kjem i posisjon er vi ikkje skarpe nok. Litt dårlege treff gjer at keeper reddar enkelt eller ballane triller utfor. Dale kan på sin side kontre og gjer dette svært bra ved eit par høve. Tommy spelar seg stort opp i 2. omgang og har ei kanonredning når ein Dalespelar kjem i 100 aleine med keeper. Bra!

Kampen ebbar ut og Dale kan sleppe jubelen laus. Vi gav mykje, og har ingen grunn til å henge med hodet sjølv om det vart tap. På evalueringa av kampen på treninga dagen etter, kom spelarane med gode analyser og vurderingar av kampen - og vi vart samde om kva vi skal jobbe med fram mot dei neste kampane..

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (27.08.08 - 21:48)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935226 besøk, sidan 18. juli 2005