Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane vakna litt seint




Foto:

Smågutane starta haustesongen på den nye kunstgrasbana på Skei - mot smågutane frå Jølster.

 


Smågutane var tydeleg langt inne i feriemodus då 1. omgang vart sett i gang på den nye kunstgrasbana på Skei. For første gong i historien skulle vi spele mot Jølster - som var meir enn klare i sine grøne drakter.

Frå første spark kom vi bakpå. Klareringane var forsiktige, passningane gjekk stort sett til dei grøne og bevegelse utan ball var det smått med. Slikt straffar seg fort i målprotokollen. For å gjere soga kort så leia Jølster 5-0 til pause. Dette gav i grunnen eit heilt riktig bilete av kampen. Vi hadde i grunnen berre skapt nokre halvsjansar og var lekke bak - medan Jølster var offensive og gode.

I. pausa gjorde vi nokre justeringar i lagoppstilling og nokre avtaler om betre innsats. Plutseleg var det som å vere på ein annan kamp. Balestrandgutane kjempa Jølster i senk. Dei fleste duellar vart vunne, passningane satt mykje betre og løpa stemte godt. Vi klarte å løfte laget og skapte mange fine sjansar.  Første mål vart sett inn av Kristoffer på eit frispark frå kanten av 16-meteren. Eit hardt lågt skot med innoverskru  som snik seg inn på bakerste ved bakerste stolpe. Andre mål er det Birk som står for. Han tek i mot eit frispark frå Georg på direkten, og det vert ein akrobatisk lobb over keeper. Tredje mål er ein lekker scoring. Kjell Andre flikker elegant, mest på Messi-vis, med utsida av foten til Asgrim som berre klinker til frå 16-meteren - og keeperen høyrer berre susen når ballen fyk inn nede ved høgre stolpe.

Vi kunne med litt hell ha hatt fleire; bom på ope mål, skot i tverleggar og aleine med keeper, og frispark som duppa like utafor krysset. Men Jølster hadde og et par fine overgangar som kunne ha gjeve uttelling..  Då dommarne bles av stod det 5-3 til Jølster.

Så når no 1. omgang vart som den vart, var vi trass alt godt nøgde med både resultat og gjennomføring. Igjen fekk vi oppleve kor mykje fokus og innsats har å seie for kampbilete og resultat. Vi alle fekk ein fin opptur utover i kampen - og bevist for oss sjølve at vi framleis kan spele god fotball!

 

 

   

 

    



Skrive av: Arne Abrahamsen (23.08.08 - 23:19)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935888 besøk, sidan 18. juli 2005