Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget starta haustsesongen med siger




Foto:Alf Høyrem

Jentelaget starta haustsesongen med å vinne 4-2 over Bjørn heime på Kreklingen.Jentene låg under 2-1 etter ein heller laber første omgong. I andre omgong viste jentene langt betre takter og vann fortent. Ut frå sjansar burde sigeren ha vore langt større.

 


Jentene starta tafatt. Kanskje var det fjellturen tidlegare på dagen som satt i beina. Ein unødvendig hands like utanfor eigen 16 meter ekspederte gjestane rett i mål etter om lag 10 minuttar.

Jentene frå perla ved Sognefjorden produserte etter kvart fleire store sjansar utan at dei klarte å score. Nokre av angrepa var riktig så fine. Mål vart det ikkje før Oline kom innpå etter 25 minuttar. Etter ein fin stikkar frå Vida sette ho fart mot mål og scora sikkert slik ho har gjort så mange gongar før. I staden for å gå opp i leiinga, var det bjørnelaget som kunne juble berre eit par minutt seinare etter tafatt forsvarsspel av vertane.Dermed kunne gjestene gå til pause med ei ufortent leiing. 

I andre omgang var det mest spel mot Bjørn sitt mål og etter 10 min kom utlikninga. Oline drog seg fint forbi på venstre side og la inn forn mål der Vida netta sikkert. Jentene haldt fram med å produsere sjansar utan å få ballen i mål. Også i denne omgangen var det fleire fine angrep der ballen gjekk raskt framover.

Etter 15 min av andre omgang fekk Ida sin debut for jentelaget. Ho viste straks fram sin eminente teknikk. Fleire gongar fekk ho slått inn fine innlegg frå venstre side og viste at det bor masse fotball i den lille kroppen.Det var imidlertid Oline som scora det neste målet. Ho sette på turboen og skar inn frå venstre side. Plutseleg var det opent som ei låvedør foran henne og Oline klinka ballen i mål og dermed 3-2. I sluttminuttet sette Alette inn den siste spikaren då ho endeleg scora etter flott forarbeid av Ida. 

Dette var ein grei start for jentene etter ein, i alle fall for nokon, lang fotballferie.God jobbing i andre omgong over heile linja. Som vanleg sterkt og oppofrande spel frå Amanda. Oline fekk vist kor god ho er når ho set fart og utfordrar. Jofrid takla som vanleg så det suste og fekk vist at ho er ein god duellspelar. Elles gledde det eit fotballhjerte å sjå Ida i aksjon



Skrive av: Alf Høyrem (21.08.08 - 15:59)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935268 besøk, sidan 18. juli 2005