Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Herrelaget i gang for fullt




Foto:lars jonas

Seniorlaget er ferdig med "ferietreningane", og no startar alvoret igjen.

I går søndag var det siste "feriemodustreninga" for denne gong. Tysdag er laget i full gang med oppkøyringa til haustsesongen. Noko seint kan kanskje enkelte meine, men no er det ein gong slik at 6. divisjon avdeling 1 har så få kampar i år... I tillegg er den kjende sommarferieutfordrina òg gjeldande i år. Lokale heltar (les ungdomar) har sommarjobbar her og der, og Syngafolket har vore heime. Likevel har dei som har vore heime trent godt, og laget står bra rusta før haustsesongen og målet om å kapra opprykksplass.

Det har svirra ein del rykter på overgangsmarknaden i løpet av sommaren. Ein spelar har allereie skreve under for Balestrand, og fleire er i kjømda. Det kjem både nye elevar og lærarar på Sygna i haust. Fleire av desse skal etter sigande spele ein del høgre i divisjonssystemet en det Balestrand gjer no. Ein har hatt gode dialoger med fleire av spelarane samt noverande klubbar. Overgangsskjema er på veg attende i posten. Så det er berre å gle seg, folkens, til både gamle og nye andlete på Kreklingen utover hausten.

Nokre av dei nye elevane har for øvrig ein alder som tilseier at dei vil kunne gå inn og styrke gutelaget vårt.

Det kjem meir når spelarane etter kvart er formelt klare.

Men først og fremst så startar altså treningane opp att for fullt. Fylgjande dagar og tider gjeld framover:

  • Tysdag klokka 1900
  • Torsdag klokka 1900
  • Søndag klokka 1900

Trenar Johannes er attende i bygda, så då er det berre å seie vel møtt til ny innsats!



Skrive av: Geir Harkjerr (04.08.08 - 11:21)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943928 besøk, sidan 18. juli 2005