Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ei helg med fotball




Foto:Eirik Thue

60 ivirge fotballspelarar var med på Tine Fotballskule somm vart arrangert på Kreklingen no i helga.
Fredag gjekk startskotet for skulen. Ni grader, regn og litt vind gjorde at det minna meir om haust enn midtsommar på Kreklingen stadion. Men med godt humør og stor innsats på det grøne dekket, vart det likevel ein fin start på helga.

 

Grill

Laurdag morgon stakk elevane til skogs. Orientering stod på programmet. Alle fann postane, og dei fleste hadde rett svar på oppgåvene. Sidan gjekk det slag i slag. Tema på årets fotballskule var finter og avslutningar. Overstegsfinte og Cruyff-vending vart pugga, og resultatet kom fort. Mange motstandarar vil nok i haustsesongen merka at balestrendingane har nytta sommaren godt.

Dagen vart avslutta med ei velsmakande matøkt. Grillsjef Kjetil Nesse serverte burgerar i eit høgare tempo enn i den travlaste McDonalds-sjappa.

DUO: Vår Maja Nyland Høyvik og Jenny Jorddal Lønning var i storform under fotballskulen.
 

Cup

Sundag skein sola, og me fekk dermed ei perfekt avluting på tre-dagars-skulen. Fotballtennis og presisjonsskyting stod på timeplanen først på dagen.

 

Etter lunsj, der alle trylla i seg Tine-produkt, var det klart for Champions League-turnering. Storlag som Liverpool, Real Madrid og Milan var på plass. Men, som i den verkelege verda, var det bakgårdsklubben Manchester United som vann.
 

PROFILAR: Både Kaka og Hanevik var med på fotballskulen i helga. 

Diplom

Skulen vart avslutta med utdeling av diplom til alle og uttrekking av ti tine-ballar til heldige deltakarar på skulen. Idrettslaget vil takka alle elevane for flott innsats. Me ønskjer også å rette ei stor takk til instruktørane og alle andre som la til rette for at skulen vart  gjennomført på ein god måte.



Skrive av: Eirik Thue (23.06.08 - 14:10)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935869 besøk, sidan 18. juli 2005