Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillejentene avslutta med seier




Foto:jarle

Etter nok ein spanande kamp på Kreklingen, kan lillejentene no ta ein fortent sommarferie.


Mykje spenning knytta seg vårens siste heimekamp. Sogndal er kjende for å vere flinke, og dei synte òg at det var dei.

Våre jenter er òg flinke, og det var eit lag full av revansjelyst som tok imot, eit for anledninga, heilsvart SIL-lag.

Nathalie kjempar godt mot to sogndøler

Før kampen meinte våre jenter at Sogndal nok var mest opptekne av å vise fram sine flotte bortedrakter, og dessutan hadde dei ei dame som trenar som sikkert var mest oppteken av at hårstrekk og liknande var rett montert...

Sogndal sleit med å stoppe Rebekka

Kampen starta, og Balestrand viste flotte takter fra start. Dei gjekk tidleg opp i ei 2-0 leiing. Som kjend er dette ei "farleg" leiing, og Sogndal kjempa godt. 8 minutt ut i kampen stod det 2-1 til heimelaget.

Andrea hadde god kontroll i midtforsvaret

Sogndal hadde eit par spelarar som heldt eit høgt nivå, og desse skapte diverse utfordringar for forsvaret til dei blå.

2. omgang vart ôg jamn, og spelet bølga fram og tilbake mellom dei to måla. Balestrand har to gode keeperar, og dei måtte begge vise fram sitt beste i forsøk på å halde ballen vekke frå eigne målmaskar.

Dyrleif gir alt i duellen

Då Bergitte bles for full tid, kunne Balestrand sleppe jubelen laus etter ein totalt sett fortent 4-3 seier.

Jentene står med 3 seierar, 2 uavgjort og 2 tap etter vårsesongen, og det vert nok ein spanande haust òg. Så no tek jentene ein fortent sommarferie, der fleire av dei mellom nyttar tida til fotballskule komande helg.

Thea vender vekk ein Sogndalsspelar, og Kamilla fylgjer spend med

Takk igjen til publikum som framleis kjenner si besøkelsestid. Mykje folk langs sidelinja gjev òg jentene ei ekstra tenning. Vel møtt til hausten!



Skrive av: Geir Harkjerr (18.06.08 - 12:18)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935957 besøk, sidan 18. juli 2005