Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane crusa til ny seier




Foto:

Når Jonny Nokken akselrerte RIB-båten, og heile smågutelaget flaug over vassflata inn mot Aurland, hadde vi allereie fått ein flying start på denne mandagsettermiddagen.

 

 Flying start - og godt humør

 Oppvarming

  Kamprop før avspark

 

Det var då også Balestrand som tok komandoen frå avspark når vi for kvelden hadde trekt i kvite drakter på ei fin grasbane i Aurland. Gutane rulla opp fleire fine angrep og viste mange fine kombinasjonar. Etter fleire halvsjansar trekkjer Georg seg flott fri utanfor 16-meteren og sender i veg eit skot som så vidt treff ein forsvarsspelar og får ei flott boge over keeper. 0-1 til Balestrand. Neste mål kjem ikkje lenge etter. Birk trekkjer av eit par spelarar og stikk gjennom til Endre med ein følsom og presis passning. Endre lurer offsidefella perfekt, tek ballen fint med seg i første touch og aleine med keeper gjer han ingen feil, 0-2 til Balestrand. Så ladar Georg kanona frå over 30 meter. Ballen fyk mot mål, medan keeper som er litt på halvdistanse fortvila prøver å rekke attende. Men skotet er ei perle som duppar under tverleggaren, og igjen kan vi sleppe jubelen laus. Med 0-3 etter halvspelt 1.omgang verker det heile komfortabelt.

 

  Jubel etter scoring

 

Men Aurlendingane har også noko å by på, og reiser seg utover i omgangen. Dei er spesielt farlege på venstre kant der dei har eit hurtigtog som skapar mykje trøbbel for oss. Fleire gongar kjem han forbi og får slått inn, men Kjell Andre og Kåre Andre er duellsterke og har rimeleg bra kontroll. Kampen vert relativt jamnspelt utover omgangen der begge lag skapar sjansar.

Dette er litt "damenes inntogsmarsj". Aurland har ei jente som keeper, og utover i omgangen set ho seg i respekt hjå våre gutar med fleire gode redningar og godt spel. Men også vi har jenter i stallen i dag. Med ein tropp som telde 10 mann på søndag og 12 utpå mandagen var vi så heldige å få låne Oline og Martine frå småjentelaget til denne kampen. Når dei får speletid på slutten av omgangen går dei til verket med glød og entusiasme. Det er virkeleg moro å sjå når dei går i duellar så det susar, eller trekkjer seg elegant forbi eit par spelarar og er millimeter frå å score. Og gutane gjev dei då også velfortent ros både på bana og i pausen.

 

 

Til pause - Trygvi og Viljar          Nocolas, Andreas og Birk         Kristoffer

 

 

I første halvdel av 2. omgang foregår mest alt av spel på Aurland sin banehalvdel. Vi har mange sjansar og halvsjansar, men klarer berre ikkje å få ballen i mål. Sjølv om vi dominerer stort, gjer vi det også av og til litt vanskeleg for oss sjølve med litt ambisiøse og upresise nestsiste pasningar. I staden er det Aurland som etterkvart får nokre overgangar. 1-3 målet kjem på ein situasjon der vi ikkje er kontante nok i å klarere med mann i rygg. Erfaringa knytt til situasjonen er nok betre læremeister enn mykje prat frå trenaren. Det er slike situasjonar alle bør oppleve - for å bli betre!

 

  Corner til Balestrand

 

Balestrandgutane har hatt ein fantastisk eigenskap denne sesongen, og det er at dei ikkje er i nærleiken av å få nervar eller klappe saman sjølv om motstandaren får mål eller til tider set oss under press. Slik var det denne kvelden og. Vi svarer raskt med eit herleg skot av Kristoffer inne ved stolpen, og det står 1-4. Både vi og Aurland skapar nokre sjansar mot slutten, men ingen klarar å omsetje dei til mål. Kampen ebbar ut med 1- 4, og nye 3 poeng til smågutane frå Balestrand.


I denne kampen er innsatsen svært god heile tida. Prestasjonane og kvaliteten på det vi gjer varierer derimot ein del. Nokre periodar er vi upresise og gjer ein del feil val. To gule kort for munnbruk er unødvendig, og er eit godt teikn på at fokus til tider er feil. Anten vi er frustrerte over eigen innsats, dommar eller andre påvirker dette både eige spel og ikkje minst spelet til resten av laget. Å lære seg å takle desse situasjonane er avgjerande for om vi vert gode som fotballspelarar - og som lag. For i store delar av kampen er prestasjonane gode og tidvis glitrande. Frå denne kampen er det desse glimta vi skal ta med oss vidare, foredle og gjere meir av.

 

Tommy Ese
Keeper i heile kampen. Sjanselaus på scoringa, og gjer elles ein god kamp. Får som vanleg også god hjelp av forsvaret.

Kjell Andre Bakken
Har blitt litt sjefen i forsvaret. Er duellsterk og trygg med ball. Misser på målet, men gjer alt i alt nok ein svært god kamp.

Trygve Olav Feidje.
Trygve Olav er virkelig back in buisness. Han viste teknikk og god evne til å lese spelet i denne kampen akkurat som i siste kamp mot Bjørn.

Kåre Andre Thue
Vokser utover i kampen. Hjelper etterkvart Viljar med god sikring av venstrekanten. Også i denne kampen er 2. omgang den beste med betre og tryggare klareringar.

Nicolas Krokum
Speler både back og kant i kveld. Det er sjelden noko kjem forbi i dag. Har fleire forseringar og gode avleveringar. Truleg beste kampen for Nicolas så langt.

Viljar Bakke Nesse
Møter eit hurtigtog i kveld og har problem med farta. Jobbar som ein helt og er kompromisslaus i spelestilen. Her har det skjedd store forandringar dei to-tre siste kampane. Bra.

Georg Nesse
Dominerer midtbana fullstendig saman med Birk i dag. Dei to vinn mest alle duellar og har i tillegg mange brot. Gjer det litt vanskeleg av og til i den offensive delen av spelet, og kan jobbe med dette. Men 2 mål og kanllgod jobbing i store delar av kampen er han Balestrand sin bestemann i dag.

Endre N. Offerdal
Endre scorer i dag også. Eit herlig medtak og kald avslutning. Kjempebra! Vert litt stilleståande utover mot slutten av kampen og då pakka godt inn.

Birk Isane
Vinn svært mange duellar og speler til tider bra. Gjennomspelet til Endre er følsomt og av høg klasse. Har også eit raid og eit kjempeskot i 2. omgang som Aurland sin solide keeper (småjente!) utruleg nok reddar.

Kristoffer Lidal
Speler i ny posisjon i dag ute på vestrekant. Er myke involvert i spelet, spesielt i 2. omgang. Viser mange lekre detaljar og til tider delaktig i dei virkeldeg gode offensive kombinasjonane. Kan utvikle defensiv jobbing for å bli enda meir komplett. Nytt mål i dag og! Alt i alt ein svært god kamp.

Eirik Buene
Jobbar godt i midtbana i denne kampen og. Er mykje meir offensiv og oppe i situasjonane. Har i dag og fleire avleveringar med høg klasse. Nok eit steg for Eirik.

Andreas Langeteig
Speler på topp og er involvert i fleire gode spelsituasjonar. Flink til å løyse opp med gode pasningar. Vert litt stilleståande og av den grunn lettare markert. Med litt auka trening vert dette berre betre og betre.

Martine Wolff Nesse
Får etter avtale med småjentetrenarane saman med Oline litt forsiktig matching. Har ein herlig fysikk og innsats når ho kjem inn. Må spele i ei litt uvant kantrolle på midbana, men løyser oppgåva likevel svært godt. Det var nok bra for gutane frå Aurland at dei er vande med gode småjenter frå før!

Oline Lønning
Oline har på line med Martine null respekt for at dei er på bana i ein smågutekamp. Oline viser god teknikk og eit herlig rykk som gjer at ho stadig kjem fri frå oppassaren sin. Er nær ved å score ved fleire høve. Meir enn godkjent!

 


Så cruisar vi heim igjen, og lyttar med eit smil om munnen når Jonny fortel om Stigen og vegn til garden opp gjennom berghamrane. Når vi susar inn i ein grå vegg etter å ha passert Leikanger smiler vi framleis - og kjenner regnet og vinden gjennom håret.



Skrive av: Arne Abrahamsen (12.06.08 - 15:30)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935264 besøk, sidan 18. juli 2005