Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillejentene med ein av kvar




Foto:jarle

Ein seier, ein uavgjort og eit tap er fasiten på dei siste tre lillejentekampane


Skribenten var ikkje med på to av desse kampane, og referat vert difor mangelfult. Lillejentene tok turen til Leikanger og vann 4-2 over Syril etter mål av Rebekka og Synnøve. Fortent seier i fylgje rapportane.

Så var det besøk i frå Lærdal på Kreklingen. Her var det ein jamn og spennande kamp der heimelaget leia 3-1 til pause. Ved full tis stod det 5-5 og uavgjort. Dyleif, Elsa og Synnøve skåra Balestrand sine mål. Publikum som ein snakka med rett etter kampslutt var godt nøgde med underhaldninga.

Fornøgd keeper

Så var det tur til Luster og børtekamp mot Bjørn. Desse Bjørnjentene var store og sterke, og dei tok leiinga 3-0 om lag før kampen var i gang. Balestrandsjentene var ikkje heilt vakne etter køyreturen, og Bjørn kom altfor lett gjennom.
 
Flott ver og spel på gras

Balestrand kom til hektene og ein susar like over og to gongar aleine mot keeper, kunne ha gjeve utlikning. Det vart ikkje skåring for bortelaget, men dei kjempa godt og iherdig motm overmakta.

Mot slutten av omgangen skåra heimelaget eit mål til, og dei kunne då gå til pause med 4-0 leiing.

Her gjeld det å koma først på ballen

2. omgang var meir jamnspilt, men det var Bjrn som fortsette å skåre måla. 7-0 stod det ved full tid. Sjølv om alle motstandarane var eir år eldre, var det ikkje noko stor forestilling frå Balestrand si side. Mykje upresise pasningar og lite trøkk i duellane var gjennomgangstonen.

Det fine med desse jentene er at når fløyta går for full tid, så er resultat gløymt, og ein gler seg snoping på bui!

Dei raude var stort sett eit hovud høgre en dei blå

Jentene sjølv meinte dei helt skjema sitt. Etter seks kampar er status seier - uavgjort - tap - seier - uavgjort - tap. Då skulle det vere duka for ny seier heime på Kreklingen mot Sogndal 1 komande torsdag.

Vel møtt folkens!



Skrive av: Geir Harkjerr (11.06.08 - 21:56)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935908 besøk, sidan 18. juli 2005