Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med sterk heimesiger.


Jentelaget vann 3-2 over Kaupanger. Eit sterkt resultat med tanke på at Kaupanger hadde vunne tre av dei fire siste kampane før dei gjesta Kreklingen.

Det var jentene frå perla ved Sognefjorden som kom best i  gong. Laget var ikkje til å kjenne igjen frå den fryktelege dårlege bortekampen mot Lærdal. Heimelaget, som for øvrig spelte i kvite drakter denne kvelden, var på hogget frå første stund og produserte fleire store sjansar utan å få ballen i mål. I staden var det Kaupangerlaget som scora etter 20 minuttar. Ein god corner klarte Berit å bokse ut i feltet. Ein av bortelaget sine spelarar fekk imidlertid ein relativt lett oppgåve med å sende returen i mål.

Men jentene gav ikkje opp. Fem minuttar før pause fekk vertane løn for strevet. Vida sendte ein fin stikkar  igjennom til Oline som løp igjennom frå venstre side og scora sikkert. Flott spel. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1-1. 

Også i andre omgang var det vertane frå Balestrand som starta kampen best. Spesielt Oline kom igjennom på venstre side fleire gongar og spelte ballen fint ut i feltet der medspelarane sto i kø for å score utan at dei klarte det. Men, også i denne omgongen var det  Kaupanger som scora først. Eit ikkje alt for godt skot var innom fingrane til Berit før ballen gjekk i mål. Utanom denne scoringa spelte Berit ein god kamp. Men, heimelaget klarte nok ein gong å kome tilbake. På ein av Martina sine gode cornerar heada Vida ballen over keeper og i mål. Flott gjort. Oline var ein stadig trussel for gjestane sitt forsvar og til slutt lyktast ho. Som ein kniv i varmt smør glei ho igjennom Kaupanger sitt forsvar og netta sikkert.Det siste kvarteret var det Kaupanger som hadde ballen mest, men forsvaret spelte ein god kamp og rei av stormen. Dermed kunne jentene juble for sin andre siger og sin desidert beste kamp denne sesongen. 

Dette var ein lagsiger der jentene jobba godt for kvarandre. Forsvaret jobba  godt og slapp sjeldan gjestane til store sjansar. Det var sterkt å vinne kampen etter å ha loge under to gongar.Eg må likevel trekke fram Amanda. Ho spelte meget godt som midtstoppar. Og så Oline då. I denne kampen var ho rett og slett god. Ho turte å utfordre og som oftast lyktast ho. I tillegg til to fine scoringar hadde ho fleire fine pasningar etter gode forseringar på venstresida. Ein flott spisstype som løpar like vakkert som ein gaselle. 

Jentelaget har få spelarar og er for tida heilt avhengig av å ha med spelarar frå småjentelaget. I tillegg til Oline, spelte Martine og Brita store deler av kampen. Dette er spelarar som klarer seg veldig bra mot langt eldre spelarar. I tillegg fekk Lisbeth prøve seg nokre minutt i andre omgong og klarte seg fint. Jenteklassa er i utgangspunktet for spelarar som er 15 og 16 år gamle. I deler av andre omgong var gjennomsnittsalderen på Balestrand sitt lag 14,2 år. Slå den!



Skrive av: Alf Høyrem (09.06.08 - 15:10)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935949 besøk, sidan 18. juli 2005