Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tine fotballskule 2008




Foto:

I år vert det Tine Fotballskule igjen! Fredag 20. juni til søndag 22. juni står Kreklingen i fotballen sitt teikn.

Tine Fotballskule feirar i år 10 årsjubileum, og då ynskjer vi i Balestrand IL å vere med å markere dette.  

Invitasjon til fotballskulen er gjeve til dei tre skulane i kommunen, og elvane får det utdelt der. Dersom nokon av ulike årsakar ikkje har fått det, må dykk ta kontakt med Geir.

Det vert mange ulike og morosame aktivitetar med mellom anna fotballøvingar, turnering, grilling og kanskje bading på timeplanen. Ein jobbar også intenst med å skaffe ei laser slik at vi kan få målt skotstyrke.

Grillsjefen under fotballskulen i 2006

Skulen utan lekser vert fredag 20. juni klokka 1600-2000, laurdag 21. juni og søndag 22. juni klokka 1000-1500.

Frå fotballskulen i 2006

Sjå invitasjonen som er sendt ut under aktivitetar - Tine Fotballskule 2008 på venstresida på heimesida. Der vert det òg lagt ut timeplan med meir etter kvart som dette er klart.

Djup konsentrasjon (frå 2006)



Skrive av: Geir Harkjerr (09.06.08 - 11:29)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3939300 besøk, sidan 18. juli 2005