Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Endeleg vann gutelaget!


Etter fire strake tap på dei fire fyrste kampane, kom sigeren i den femte for sesogen.

Balestrand IL – Sogndal IL 2, 3 – 0, torsdag 29.05.08

Mål BIL: Kim Andrê 2 og Frank

 

Gutane frå perla ved Sognefjorden vann fult fortent i ein til tider velspelt kamp. I fyrste omgang produserte laget mange sjansar utan å få utteljing, men den kom heldigvis i 2.omgang.

 

I 2.omgang heva BIL spelet eit hakk og fekk løn for innsatsen i form av tre flotte mål. I tillegg til måla viste laget og mykje flott spel der ein var flinke til å halde ballen langs bakken. Dette var noko som me snakka om før kampen og då blir det ekstra gledeleg når ein lukkast.

 

Høgdepunktet kom mot slutten av kampen då Frank satt inn 3 – 0. Målet kom etter eit flott innlegg frå Adrian på vensterkanten. Frank møtte ballen med hovudet og ballen for kontrolert og utagbart i mål.

 

BB: Heile laget, men Kim Andrê bør få ekstra ros for to mål etter å ha møtt mykje motgang i avslutningane i 1.omgang.

  

BIL stilte slik i kampen mot SIL 2:

4-4-2

Ole Tjugum

Kent Andre M. Dale, Lars Kjetil Nordeide, Alen Demirovic, Nikolai Sundgot Sunde

Andreas Balevik, Adrian Wolff Nesse (kapt.), Georg E. Nesse, Christian Grøneng Aaland.

Kim Andre Høydal Marifjæren, Kristoffer Midtbø Lidal

 

Desse kom inn:

Frank Sande

Fabio Keller

Jonakim Hanevik

Stian Midttun

Kim Robert Sæle



Skrive av: Sveinung Alværn (01.06.08 - 22:07)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935291 besøk, sidan 18. juli 2005