Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tøff seriestart for gutelaget



Etter den jamne seriepremieren mot Vik har gutelaget spela tre kampar. Det har blitt mange mål i mot og lite med poeng. Spelet har variert frå det tafatte og uengasjerte til det betre. Det er tydeleg at gutane har trengt litt tid til å venne seg til å spela mot gutar som er større og raskare enn det ein spelte mot sist sesong.

 

Syril IL – Balestrand IL, 10 – 1, torsdag 24.04.08

Mål BIL: Ole!!!

 

I denne kampen på den harde grusbana til dei gulkledde frå nabokommunen vart gutane til BIL bokstavleg blåst av bana. Den sterke vinden sette sitt preg på kampen, men den største utfordringen var dei fysisk store, sterke og raske spelarane til motstandarlaget.

 

Kampen minna meir om eit oppgjer mellom eit smågutelag og eit seniorlag, enn ein kamp mellom to gutelag i samme divisjon. Gutane frå BIL trakk seg meir og meir i duellane på døball noko som resulterte i fem, seks mål i nettet bak den solide Ole. Kampen vart ein solid lærdom i kor viktig det er å gå i duellar for å hindre baklengsmål.

 

Sjølv etter ein slik kamp er det noko positivt å ta med seg vidare. I dette tilfellet er det at ein klarte å hindra fleire mål i mot dei siste 20 minutta av kampen.

 

Kampen sin beste BIL spelar var Adrian som stod på og kjempa heile tida sjølv om han laga sjølvmål og ikkje fekk teknikken heilt til å stemme på det uvante underlaget. Hadde alle lagt ned ein slik innsats hadde resultatet vorte mykje betre.

 

PS! BIL sitt mål laga Ole etter eit utspark som vinden forlenga. Keeperen til Syril fekk problem med å berekne ballen og ballen spratt i ein fin boge øve han.

 

BIL stilte slik i kampen mot Syril:

4-4-1-1

Ole Tjugum

Kent Andre M. Dale, Lars Kjetil Nordeide, Alen Demirovic, Christian Grøneng Aaland.

Andreas Balevik, Adrian Wolff Nesse (kapt.), Georg E. Nesse, Nikolai Sundgot Sunde

Kristoffer Midtbø Lidal

Kim Andre Høydal Marifjæren

 

Desse kom inn:

Frank Sande

Fabio Keller

  

Balestrand IL – Bjørn IL, 0 – 1, torsdag 08.05.08

Før kampen hadde ein  eit godt håp om å vinne. Dessverre klarte laget ikkje å sette dei sjansane som ein hadde og laginnsatsen var ikkje på eit slikt nivå ein kan forvente seg.

 

Både trenarar og spelarar var svært skuffa etter kampen. Det er ikkje tvil i at spelarane følte at dei kunne vunne med betre innsats.

 

BB: Lars Kjetil. Var som ein bjørn mot Bjørnangrepet…

 

BIL stilte slik i kampen mot Bjørn:

4-4-1-1

Ole Tjugum

Kent Andre M. Dale, Lars Kjetil Nordeide, Alen Demirovic, Nikolai Sundgot Sunde

Andreas Balevik, Adrian Wolff Nesse (kapt.), Georg E. Nesse, Stian Midttun

Kristoffer Midtbø Lidal

Kim Andre Høydal Marifjæren

 

Desse kom inn:

Frank Sande

Fabio Keller Christian Grøneng Aaland.   

Lærdal IL – Balestrand IL, 10 – 1, torsdag 22.05.08

Mål BIL: Kristoffer

 

Ikkje uventa vart det beste laget i divisjonen eit par nummer for store. Dette var likevel eit steg i rett retning for dei blå frå Balestrand. Ein holdt heimelaget til 0 – 0 nesten heile 1.omgang og viste mykje betre innsats enn i dei to siste kampane. Om ein ser vekk i frå ein 15 minutt periode etter pause, der Lærdal gjekk i frå 1 – 0 til 7 – 0, var dette ein kamp som fekk vist litt av kva som bur i dei.

 

I dei periodane ein spelte bra var ein flink til å gå i duellar i tillegg prøvde ein å spele ball og ikkje berre måke den vekk. Avslutninga var det og grunn til å vere nøgd med. Det siste kvarteret vann ein faktisk 1 -0…

 

BB: Adrian. Gav som vanleg aldri opp og gjorde mykje bra med ballen.

  

BIL stilte slik i kampen mot Lærdal:

4-4-2

Ole Tjugum

Kent Andre M. Dale, Lars Kjetil Nordeide, Alen Demirovic, Nikolai Sundgot Sunde

Christian Grøneng Aaland, Adrian Wolff Nesse (kapt.), Georg E. Nesse, Fabio Keller

Kim Andre Høydal Marifjæren, Kristoffer Midtbø Lidal

 

Desse kom inn:

Frank Sande

Kjell Andre Bakken

Erlend Dale

    

Skrive av: Sveinung Alværn (01.06.08 - 22:05)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488462 besøk, sidan 18. juli 2005