Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane med ny jamn kamp



Kreklingen - arena for fine opplevingar
Foto:eirik thue

Denne gongen var det I.L Bjørn frå Gaupne som kom til Kreklingen. Etter å ha studert tabellen var vi plutseleg favorittar inne i hovuda våre. Akkurat det kan vere eit vanskeleg utgangspunkt.

 


Smågutane har hatt ein flott sesongstart med fokus på prestasjonar, samarbeid og innsats. Dette har også gjeve resultat med sigrar i fleire jamne og spennade kampar. Før kampen mot Bjørn var det nok meir fokus og tankar i retning av enda eit godt resultat enn vi har hatt tidlegare. Dette var ein kamp vi på papiret var favorittar til å vinne. Men som alle veit, spelast ingen fotballkampar på papir - heldigvis.

Utover i første omgang fekk vi då også sjå eit Bjørnlag som tok initiativet. Balestrandgutane var litt avventande, og kom ikkje skikkeleg opp i press på ballførar. Bjørn fekk tid og rom til å bygge opp angrep, og var fleire gonger nær ved å bryte gjennom. Offensivt var vi også litt unøyaktige sjølv om vi kunne sjå fine tendensar innimellom. I eit iherdig forsøk på å bryte gjennom tråkker Asgrim skeivt og får ein skikkeleg strekk bak i låret. Han må ut og klarer ikkje å spele resten av kampen. Det var synd for oss, då Asgrim viste stor vilje og tydeleg hadde noko på gang i dag. I staden er det Bjørn som lukkast. Dei bryt gjennom, og sjølv om Kjell Andre kjem glitrande ut og ser ut til å få avverga, får dei trekt ballen inn i feltet og etter litt fram og tilbake sett ballen sikkert i mål. Ikkje urettferdig så langt. Balestrand slit med å skape dei store sjansane sjølv om vi har bra kontroll utover i omgangen. Ikkje før kampen nærmar seg pause kjem omgangens perle. Vi får frispark på 25 meter, litt skrått til høgre for mål. Georg ladar skotfoten, - og ballen susar mot venstre kryss. Keeper forsøkjer febrilsk å rekke opp, medan vi andre held pusten og tida mest står stille. Keeper kjem berre ikkje høgt nok, og når det rykkjer i nettet heilt inne med stolpen som om det var storfisk i garnet, vert det høglytt jubel både på bana og sidelina. 1-1 til pause skal vi vere nøgde med.

I 2. omgang får vi same byte som mot Kaupanger. Tommy i mål, Kjell Andre i midtforsvaret, Georg i midbana og Kristoffer heilt framme. Vi får også no betre balanse i laget. Spesielt vinn vi meir i midtbaneleddet og skaper fleire sjansar. Vi får sjå skot i stolpen og fleire gode redningar frå keeperen til Bjørn. Men til slutt lukkast gutane. Endre, som får prøve seg heilt på topp, får eit fint gjennomspel. Første skotet reddar keeper glitrande, men returen har han ingen sjanse på. Seinare i kampen set Kristoffer inn 3-1 målet via stolpen etter mykje fram og tilbake inne i feltet. Etter det er det ikkje tvil om korleis kampen vil ende. Forsvaret jobbar kjempebra. Trygve Olav er veldig på hogget og tidleg oppe i alle situasjonar. Kåre Andre er sikker og gjer ein god kamp, medan Viljar og Nicolas har god kontroll på backen. Kjell Andre får ståande applaus når han går i ein 30 meter spurt med ein Bjørnangripar, snublar, men likevel i liggande stilling får kasta fram beinet og klarert til innkast. Med slik oppoffrande innsats vert det vanskeleg for einkvar motstandar! Kampen endar 3-1, og vi må vere godt nøgde sjølv om det vart ein "sliteseier".

Vi lærte litt om fokus i dag! Vi skal ikkje falle myke i prestasjonar før kampbiletet vert endra!

Elles er det også moro for oss trenarar å sjå at det alltid er nokre spelarar som veks litt i kvar kamp. I dag må vi trekke fram Eirik og Håkon som gjer store framskritt i 2. omgang. På denne måten måten veks vi som einskildpersonar - og som lag.


Kjell Andre Bakken
Keeper i 1. omgang. Måtte sjå ein ball i nettet, men solid elles. Spesielt god på alle døballar. Spelar midtstoppar i 2. omgang, og gjer jobben svært godt. Litt ivrig framover eit par gonger, men alt i alt vel gjennomført. Vert dagens namn - mykje også ut i frå god innsats og gode haldnigar.

Tommy Ese
Keeper i 2. omgang og gjer tek alt som kjem på trygg og roleg måte. Flink i dag å komme ut på lange oppspel og avverge før det vert nokon situasjon i det heile.

Georg Nesse
Styrer midtforsvaret som vanleg godt i 1. omgang. Gjer til at vi får duellstyrke i midtbana og tek over kontrollen her i 2. omgang. Eit par farlege dragningar nær forsvaret kunne ha straffa seg. Også perlemål, skot i stanga og som vanleg ein nøkkelspelar for laget!

Kåre Andre Balevik
Litt på etterskot ved eit par høve i 1. omgang. Speler seg flott opp i 2. omgang med mange gode klareringar både med beina og hodet. Fin framgang!

Trygve Olav Feidje
Speler sin beste omgang i 2. omgang i dag. Et våken og aktiv. Tidleg oppe i stuasjonane og trygg. Gjer det meste etter boka. God kamp!

Viljar Bakke Nesse
Litt på etterskot i 1. omgang han også, men veks saman med dei andre i 2. omgang. Tetter godt igjen, klarerer trygt og får etterkvart god adresse på framspela.

Nicolas Krokum
Glir godt inn i rolla som back. Slit litt med plassering av og til, men jobber opp mykje med god fart i løpa. Vokser litt i kvar kamp.

Endre N. Offerdal
Jobbar godt. Møter ein rask back og får ikkje så myke rom i 1. omgang. Mykje av det offensive spelet vert likevel skapt frå denne kanten. Får prøve seg som spiss i 2. omgang og kviterer med eit flott mål.

Eirik Buene
Oppofrande innsats på midtbana, Var ein av spelarane som gjorde størst framskiritt denne kampen. Nydeleg demping på brystet og fleire gode duellar og avleveringar.

Håkon Thue
Vokser mykje i 2. omgang. Det løsner rett og slett litt for Håkon i dag. Er betre plassert i defensiv jobbing og kjem då betre inn i situasjonane. Søkjer bredde og bidrar fint offensivt med løp og bra pasningar.

Birk Isane
Ikkje heilt inne i kampen i delar av 1. omgang. Litt for sein inne i situasjonar og også litt unøyaktig i pasningsspelet. Kjem seg mykje i 2. omgang med sterk jobbing og til tider fint driv framover. Viktig spelar for samla laginnsats.

Kristoffer Lidal
Er passiv i den defensive jobbinga i midtbana i 1. omgang i dag, og kan forbetre spelet med å få inn litt meir energi - slik vi veit Kristoffer har på sitt beste. Bidreg likevel som vanleg med god ballbehandling og mange gode framspel. Scorer mål i 2. omgang og er alltid ein trussel.

Asgrim Farnes
Asgrim starter friskt, men får ein strekk bak låret etter få minutt av 1. omgang. Må dessverre sjå resten av kampen frå sidelina. Håper han kjem over strekken raskt!

Fredrik Hanevik
Fredrik går på mange løp, men i dag stemmer ikkje pasningane og løpa heilt. Prøver seg i ny rolle på kant i 2. omgang. Trekker av og til litt for langt inn i bana når vi går i angrep, men imponerer med stor løpskapasitet og gode innlegg.

Per Aki Kvikne
Jobbar godt på topp. Forsøkjer med fine kombinasjoner, og speler mellom anna nesten Birk heilt gjennom med eit fint veggspel. Har potensiale i å vere enda litt meir bevegeleg for å skape seg sjølv litt meir rom.



Skrive av: Arne Abrahamsen (28.05.08 - 12:10)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943921 besøk, sidan 18. juli 2005