Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tøff motstand for lillejentene




Foto:jarle

Etter ein mållaus 1. omgang, avgjorde gjestane frå Vik kampen med fire skåringar etter kvilen.

Det vart ein ny jamn og spennande kamp for dei talentfulle og unge lillejentene til Balestrand. Denne gongen var det Vik som var på besøk.

BIL-jentene hadde allereie før kampen ei oppfatning av det vil verte ein tøff batalje. Dei meinte nemleg at heile Vik-laget var fødd i 1996, og då eitt år eldre en dei sjølve. Dommarkortet synte at dette var korrekt.

Mange i kvit drakt å passe på for Elsa

Det var likevel ikkje mykje som tyda på alderskilnad i den første omgangen. Kampen var jamnspela, og begge laga kjempa godt. Til tider framviste òg begge laga at dei har jobba godt på treningane. Fleire flotte kombinasjonar var synt fram for eit stort publikum.

Likevel var det ingen av laga som klarte å få ballen inn i motstandaren sitt mål, og ikkje i eige mål heller for den saks skuld. 0-0 var eit greit resultat etter dei første 30 minutta.

Flinke jenter på veg etter ballen

I 2. omgang tok Vik litt meir over, og i løpet av kort tid stod det 0-2 i målprotokollen. Vikjene netta to gonger til, og dei vann til slutt 4-0. Ein fortent seier til bortelaget, sjølv om den kanskje vart litt stor.

Thea med eit av mange gode utspel

Balestrandsjentene skapte òg sjansar i 2. omgang, men diverre ville ikkje ballen i mål. Likevel var det ingen som hang med hovudet etter kampen. Både trenarar, spelarar og publikum var godt nøgde med BIL-insatsen, og ikkje minst fekk dei oppleve ein ny underhaldande kamp.

Dyrleif, Synnøve, Elsa, Thea, Vanessa, Nathalie, Rebekka, Caroline, Andrea, Lise-May og Kamilla var jentene som bidrog til dette.

Kampen var leia av ein god Adrian Wolff Nesse.

Adrian gjorde ein flott innsats i den svarte drakta

Neste utfordring for lillejentene er borte mot Syril komande torsdag.



Skrive av: Geir Harkjerr (21.05.08 - 09:42)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935232 besøk, sidan 18. juli 2005