Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ny triller på Kaupanger kunstgras



Viljar hadde ein stor kamp. Her får Frode autografen...
Foto:Sirikit Bakke

Torsdag 15. mai var smågutane klare til framskunda kamp på kunstgraset på Kaupanger. Fint spelever og ein god del publikum på tribuna gav ei fin ramme rundt kampen.

 

Kaupanger hadde ein utruleg sterk 8-2 siger frå siste kamp mot Bjørn. Og Bjørn som berre hadde tapt 2-4 mot Syril i kampen før.. Medan vi som kjent hadde 0-6 i minneboka frå vårt besøk på Syril stadion. Det er godt fotball ikkje er matematikk!

Men det såg litt sånn ut i starten av kampen. Kaupanger spelte fin fotball med raske kantspelarar som kom rundt på kantane fleire gonger. Kaupanger skapte fleire sjansar, og ein god Kjell Andre i mål heldt oss inne i kampen. Framover på bana var det i allefall positive trekk frå forrige kamp. Vi spelte oss oppover og angriparane var mykje meir bevegelege. Det vart derimot for unøyaktig og lite besluttsomt dei siste 20 metrane, og med det kom heller ikkje dei store sjansane. Gjennom heile omgangen hadde vi berre ein stor sjanse på eit godt skot frå Asgrim frå 16 meteren etter ei nydeleg fridraging. Men keeper får slått til corner, som vart resultatlaus.

I andre enden er Kaupanger jamnt frampå og er mykje giftigare enn oss. Kaupanger har vel nesten 10 sjansar og trass i herosik innsats frå forsvar og keeper må vi plukke ut 2 ballar frå målet før dommaren bles til pause. 2-0 til Kaupanger så langt er fortent.

I pausen gjer vi nokre grep. Set Kjell Andre i midtforsvaret, Georg fram i midtbana og Kristoffet heilt på topp. Vi vert einige i å gå ut på bana og gje Kaupanger kamp - det har skjedd større under enn at nokon har klart å snu 0-2 etter pause....

Ein skulle tru at det var to nye lag på bana. Balestrandgutane jobbar heroisk. Dette gjev brot i midtbana og vi får fine framspel anten direkte i midten eller til kant. No er det vi som skapar sjansane. Kristoffer klarer å halde på ballen, trekke av ein mann eller to, og utfordre og skyte. Han sender i veg eit godt skot frå litt skrått hald - og det står 1-2. Keeper er kanskje litt uheldig då han misser ballen over seg og inn i mål når han slenger seg for å redde. Biletet av kampen held fram Birk og Georg dominerer midbana fullstendig, er over dei som kleggar og skaper brot på brot. 2-2 - og kven andre enn Kristoffer. Etter klikk-, klakkspel med Endre ligg ballen sikkert i mål, og no hadde keeper liten sjanse.

I den siste halvdelen av omgangen prøver Kaupanger desperat å reise seg, men dei kjem rett og slett ikkje til. Viljar på høgre back spelar sin beste kamp og taklar dei mest ned i Amblabukti. Nicolas på andre backen får også løp og plassering til å stemme, og i midten er Kjell Andre og Kåre Andre småkongar. Fem minuttar før slutt kjem enda eit kjempeflott framspel til Kristoffer som tek ballen i eit nydeleg medtak. Keeper forsøkjer å komme ut, men kan berre sjå etter ballen som siglar i mål i elegant boge over hodet på han. Vi har snudd kampen og leiar 3-2!

I sluttminutta pressar Kaupanger, og klarer å skape eit par, tre dødballar på corner og frispark. Men Balestrandgutane ryddar greitt unna. Når dommaren bles er det ekte jubel både på bana og på sidelina blant Balestrand sitt støtteapparat.

Dette var ein kamp som hadde alt av nerve og drama - og er nok litt av grunnen til at vi driv på med dette. Eg trur vi alle kjende denne yre lukka av i felleskap å ha oppnådd det "umulige". Som trenar får eg også stor respekt for desse gutane - ikkje berre for prestasjonane og den insatsen dei legg til grunn, men vel så mykje for måten dei no heiar kvarandre fram og gjev kvarandre støtte og gode tilbakemeldingar.

 


Kjell Andre Bakken
Keeper i 1. omgang, og gjer ein svært god jobb. Må hente ut 2 ballar frå målet, men held oss inne med fleire gode TV-redningar. Konge i midtforsvaret i 2. omgang.

Tommy Ese
Keeper i 2. omgang. Står solid på dei få forsøka som kjem.

Georg Nesse
Solid som vanleg i midtforsvar. Betre balanse i laget når Georg spelar i midtbana i 2. omgang. Fleire presise oppspel i dag enn tidlegare. Nok ein svært god kamp!

Kåre Andre Balevik
Vokser i 2. omgang. Har då gode og trygge klareringar. Må framleis jobbe litt med med plassering.

Nicolas Krokum
Speler back og løyser oppgåva betre og betre utover kampen. Stor framgng frå sist.

Viljar Bakke Nesse
Jobbar som ein helt. Slepp seg fullstendig laus i 2. omgang, og då får vi virkeleg sjå kva som bur i guten. Beste kamp så langt!

Endre N. Offerdal
Kjem til sin rett i 2. omgang når det vert litt meir støtte framover på bana. Er mykje involvert på høgre midbane. Direkte delaktig i 2-2 målet. Veldig bra.

Håkon Thue
Håkon jobbar iherdig. Er litt uheldig med touchen eit par gonger i 1. omgang, men vert til liks med dei andre mykje betre i 2. omgang. Pasningane sit. Kan vere enda meir på hogget i kantrolla og prøve skotfoten og.

Birk Isane
Ein del feilpasningar i 1. omgang, og får ikkje heilt grep på midtbana då. Speler seg stort opp i 2. omgang. Er som ein klegg på Kaupangerspelarane og vinn utruleg mange ballar. God skot som stryk stolpen.

Kristoffer Lidal
Frå å vere litt usynleg i 1. omgang vert han dagens spelar med ekte hatrik i 2. omgang. Skaper mykje uro for Kaupangerforsvaret gjennom heile omgangen. Er definitivt ein spelar som bør vere aktuell for sonelag etterkvart.

Eirik Buene
Jobbar godt i midtbana. Er litt passiv og seint oppi situasjonane i 1. omgang. Dette kjem seg også for Eirik i 2. omgang kor vilje og innsats er minst eit hakk opp.

Andreas Langeteig
Speler ein del på midtbana også i dag. Gjer store framskritt frå sist kamp. Roleg og slår gode pasningar.

Asgrim Farnes
Asgrim er mykje meir bevegeleg i dag enn sist mot Syril. Hadde han fått dei rette pasningane på gode løp i 1. omgang kunne han ha hatt fleire sjansar. Saknar enda fleire skot frå litt distanse utover i 2. omgang.

 

 



Skrive av: Arne Abrahamsen (19.05.08 - 22:05)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943930 besøk, sidan 18. juli 2005