Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane møtte overmakta mot Syril



Arkivbilete av 94-gjengen. Tidene endrar seg!
Foto:harald offerdal

Måndag 7. mai var det kamp på Leikanger. Med ein stor og god 94-årgang i gult på motsatt banehalvdel visste vi at det kom til å bli vanskeleg.

 

Og det skulle raskt vise seg at Syril ynskte å ta komandoen. Med eit agressivt spel i midtbana sleit vi med å komme i gang med eige spel i det heile. Når ikkje Syrilspelarane var oppe og pressa oss, vart vi enkelt finta ut av eigne unøyaktige pasningar og litt ujamnt underlag. Syril pressa på og fekk etterkvart uttelling. 3 gonger måtte Kjell Andre plukke ballen ut av målet.

I 2. omgang hadde vi både vind og sol i ryggen, utan at det hjalp så mykje. Syril held fram med presset og dominerte banespelet også denne omgangen. For oss vart det god forsvarstrening mot store og gode spelarar. Det var først heilt mot slutten at vi klarte å setje eit spelemessig preg på kampen, og også skape eit par situasjonar som sette keeperen deira på prøve. Dette hang nok også litt saman med at Syril gjorde nokre bytte, og eit par spelarar meir på vår storleik kom innpå. Då dommaren bles av hadde også Tommy plukka ut 3 ballar ut av målet, medan vi ikkje klarde å score denne kvelden - med andre ord eit klart 0-6 tap. Så vi får konstatere at Syril vant fortent! Gutane takka fint for kampen - både til dommar og motspelarar.

Slike kampar kan trass alt vere lærerike. Først ser vi vart mykje pressa når vi sjølv ikkje klarde å vere nøyaktige i eige spel, men stadig mista ballen og fekk brudd i mot. Elles var ikkje midtbana heilt i hundre, og av og til også litt feilplassert spesielt i høve defensiv jobbig. Spissane var også for lite bevegelege, så når vi innimellom kom oppover var pasningsalternativa få og det var stort sett enkelt for gode Syril-forsvararar. Elles fekk forsvar og keeper mykje god trening og løyste mange situasjonar bra. Syril fekk i allefall ikke eitt mål på spel i bakrom - og det var då i allefall ei uttalt målsetjing å demme opp for det.

 

Kjell Andre Bakken
Keeper i 1. omgang, og gjer ein god jobb. Må likevel hente ut 3 ballar frå målet. Sklir på eit "bananskal" i forkant av 5-0. Jobbar til krampa tek han i andre omgang.

Tommy Ese
Keeper i 2. omgang. Er sjanselaus på scoringane. Roleg i situasjonnane og plukker ned mykje.
Begge keeperane får positiv omtale av dommaren i dag.

Georg Nesse
Jobbar godt. Trekker litt ut på kantene når ballen kjem opp her og etterlet seg litt rom i midten. Ein klippe som står i mot dei store Syril-spelarane.

Kåre Andre Balevik
Slit litt med ujamt underlag. Litt på halvdistanse av og til, men løper opp mykje med stor fart.

Trygve Olav Feidje
Møter ein som er "dobbelt så stor" på kanten i kveld. Jobbar iherdig og gjer mange gode val.

Nicolas Krokum
Prøver seg som back. Ser potensialet i ein kar med stor fart. Med jamn trening kan dette bli svært bra - anten som back eller kantspelar!

Endre N. Offerdal
Gjer beste jobben på slutten av kampen. Bidreg då mykje til dei offensive opprullingane. Til liks med dei fleste i midbane ein del å gå på i defensiv jobbing denne kvelden.

Viljar Bakke Nesse
Jobbar, slit og står på gjennom heile kampen. Betre i duellspelet for kvar kamp.

Håkon Thue
Også Håkon slit litt med underlag og defensiv jobbing i dag. Står på for fullt når han er i aksjon.

Birk Isane
Slit med å komme oppi ein svært aktiv midtbane på Syril. Får då heller ikkje så mange brudd som vi er vande med. Jobbar tilliks med dei fleste som ein galeislave - utan at det helt heilt i dag.

Kristoffer Lidal
På same måte som Birk - slit med å komme oppi ein svært aktiv og god midtbane på Syril. Bidreg positvt når vi får til litt spel på slutten av 2. omgang.

Eirik Buene
Jobbar godt og til tider meget godt i midtbana. Herleg å sjå når Eirik kjem raskt opp i motspelar og bruker musklar. Meir av dette!

Andreas Langeteig
Speler ein del på midtbana, noko som er ei litt uvant rolle. Gjer jobben greitt til han får ein liten smell. Erklærer at han skal trene meir - bra!

Asgrim Farnes
Asgrim møter store og trygge forsvarsspelar, og har ein alt anna enn lett jobb når det vert strekk i laget. Forøker å kombinere med Fredrik, men får ikkje resultat i kveld.

Fredrik Hanevik
Fredrik har same vanskelege arbeidsforhold som Asgrim. Får heller ikkje dei gode gjennombruddspasningane han har fått tidlegare.

Per Aki Kvikne
Også Per Aki vert pakka godt inn. Vert litt store avstandar også for Per i kveld.

Alle spissane har eit potensiale i å vere meir bevegelege utan ball, variere mellom løp og det å møte og halde på ballen til vi får flytta etter.

 

Vil trekke fram begge keeprane i dag, på trass av 6 baklengs. Elles jobbar heile laget like iherdig sjølv om det er 0-0 eller 0-5. Det er ein eigenskap som er verdifull - spesielt i kampar vi ligg under slik som mot Jotun i sist kamp.



Skrive av: Arne Abrahamsen (18.05.08 - 21:54)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935331 besøk, sidan 18. juli 2005