Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med tap mot Jølster


Jentelaget tapte 1-4 heime mot Jølster.

Gjestane frå Jølster var det førande laget i første omgong. Gong etter gong spelte dei seg igjennom vertane sitt midtforsvar. Berre ei god og heldig Berit i mål haldt Balestrandjentene inne i kampen.

Etter om lag 20 minutt fekk imidlertid Balestrand ein målsjanse i megaklassen. Martina slo eit fint frispark frå om lag 30 meter. Oline kom på eit flott løp og frå svært kort hald skaut ho ballen like over mål. Berre eitt minutt før pause lyktast det endeleg Jølstringane å score på eit av sine gjennomløp. Jentene frå perla ved Sognefjorden var heldige som kunne gå til pause med berre eitt mål i minus. 

I andre omgang kom heimelaget gradvis meir med i spelet og hadde fleire flotte angrep utan at dei klarte  å score. I staden var det Jølstringane som no scora på det dei hadde av sjansar. Før 20 minutt var gått leia dei heile 4-0. Heimelaget fortsette imidlertid  å produsere sjansar og endeleg lyktast Brita i å score. I denne perioden hadde Balestrandjentene 5-6 store sjansar, m.a. ein utruleg sjanse frå 4 meter etter retur frå keeper. Men, fleire mål vart det ikkje, og  Jølster kunne juble for laget sin andre siger for sesongen. 

Jølster vant helt fortent kampen sett under eitt. Heimelaget spelte imidlertid ein bra andre omgang, sjølv om dei paradoksalt nok klarte seg bedre i første omgang reint resultatmessig. Verdt å merke seg er at Balestrand stilte med heile tre 13 åringar i denne kampen. Både Brita, Martine og Oline klarte seg fint mot motstandarar som er 2-3 år eldre, og fekk vist at dei er fine fotballtalent som me forhåpennlegvis skal få mykje glede av i åra framover. 

Elles vil underteikna nemne Berit. Berit er enno ikkje verdas beste keeper, men du verden for ein framgong ho har hatt sidan førre sesong. Mot Jølster spelte ho ein kjempekamp. Berit er flink til å møte på treningar og  dersom ho ikkje kan møte gjev ho melding. Dessutan er ho alltid positiv. Her er det mange som har mykje å lære.Kan elles nemne at Alette spelte ein god kamp, men at ho har eit potensial milevis over det ho fekk vist fram. 

Under kampen var det gledeleg mange tilskodarar. Det dumme er at publikum står langs den sida innbytarbenkane står. Denne sida av bana burda ha vore sperra av for publikum under kampane slik at trenarar og spelarar får vere åleine og ikkje må gå og trakke mellom publikum. Dette verkar forstyrrande på både spelarar og trenarar og er noko som også motstandarlaga reagerar på.



Skrive av: Alf M. Høyrem (16.05.08 - 09:37)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943938 besøk, sidan 18. juli 2005