Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jamn og spennande lillejentekamp




Foto:jarle

Årdalstangen gav BIL-jentene god kamp på Kreklingen


Årdalstangen var motstander nummer to for lillejentene våre. Denne gongen var det heimebane.Ein flott Kreklingen Stadion med strålande sol, og mykje publikum gav eit utmerka utgangspunkt for lillejentene til å vise fram vinterens treningsgrunnlag.

Her er konsentrasjonen på topp

Det vart ein jamn og spanande kamp, der begge laga hadde fleire gode sjansar til å avgjere kampen til sin fordel.

Som i serieåpninga, tok Balestrand leiinga. 9 minutt var spela då Synnøve sette ballen vakkert i mål. Ti minutt seinare utlikna Årdalstangen etter fleire misforståingar i BIL-forsvaret. Berre tre minutt seinare tok gjestane leiinga 2-1. Det var òg stillinga til pause.


Vanessa i fint driv

2. omgang var 5 minuttar gamal då Synnøve teikna seg på skåringslista nok ein gong. 2-2 var eit faktum. Balestrand hadde fleire gode sjansar mot slutten, men det svikta i avslutningsfasa.
Jentene spelte til tider særs godt, og til og med hælfinte vart synt fraem for eit rekordstort publikum.

2-2 var eit heilt okey sluttresultat, og jentene var godt nøgde med eigen innsats. Det trenargjengen og publikum òg. Fotball er kjekkast når det er jamne og spande kampar, og det vart det denne kvelden.

Årdalstangen avklarar med ein blå armè rundt

Høgdepunktet på sidelina var når enkelte av foreldra ropte høgt "nei, ikkje bakover!" Det dei ikkje visste var at lillejentene har trent på å løyse opp trengte situasjoner med å slå støttepasning. Og det fungerte!

Fornøgde lillejenter frå Balestrand etter 2-2 mot Årdalstangen

Lise-May, Kamilla, Andrea, Caroline, Dyrleif, Rebekka, Elsa, Vanessa, Synnøve, Thea og Nathalie var med og sikra uavgjortresultatet

Neste kamp er torsdag 15. mai klokka 1800. Staden er Kreklinge, og motstandar er Vik 1. Vel møtt til ein ny spanande lillejentekamp på Kreklingen. Vi håpar på like mykje publikum denne gongen!



Skrive av: Geir Harkjerr (13.05.08 - 21:46)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943866 besøk, sidan 18. juli 2005