Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget med stortap mot Sogndal


Jentelaget tapte heile 12-0 mot Sogndal torsdag kveld. Stillinga ved pause var 3-0 til sogndølene.

Dermed kom jentene fort og brutalt ned på jorda igjen etter at dei vann opningskampen mot Bjørn 5-0.Jentene klarte seg bra i første omgang. Sjølv om det var Sogndal som hadde det meste av spelet klarte dei ikkje å produsere så mange store sjansar.

Laget frå perla ved Sognefjorden hadde berre ein innbytar i denne kampen, noko som skulle vise seg å vere alt for lite. I pausen ønskja halve laget å byte ettersom dei enten sleit med skader eller var slitne. Ikkje rart ettersom underlaget på grasbana var hardt som asfalt. Underteikna spurte difor ein av Sogndal sine trenarar om me kunne korte ned andre omgangen slik situasjonen var. Dette vart kontant avvist. 

I pausen måtte Mari gje seg og Alette spelte berre delar av andre omgang. Med to gode sentrale midtbanespelarar heilt eller delvis ute vart det ein tøff andre omgong sjølv om erstattarane gjorde så godt dei kunne. Det var og fleire som var småskada eller tydeleg slitne. Ettersom Oline og Karina ikkje kunne spele denne gongen vart det og tynt framover på bana. Ut over i omgangen vart presset på motstandar sin ballførar dårlegare og dårlegare og fylket sitt beste jentelag fekk etter kvart ei enkel oppgåve. I tillegg til å vere eit godt lag var jentene frå Sogndal tøffe og gode i alle duellar. Her har våre jenter mykje å lære.Best på Balestrand denne gongen var utvilsamt Amanda med tøft og kompromissløst forsvarsspel. Med fullt lag skal nok jentene bite betre frå seg i returoppgjeret på Kreklingen etter sommarferien.

Det må nok heilt andre takter til allereie komande torsdag når Jølster vitjar Kreklingen.

 



Skrive av: Alf M. Høyrem (09.05.08 - 16:21)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935330 besøk, sidan 18. juli 2005